Faktaboks

Chul Ho Lee
Fødd
23. februar 1937, Chonan, Korea
Død
16. februar 2018
Verke
Kokk og forretningsmann
Familie

Foreldre: Bonde Ky Young Lee (1906–72) og You Nam Lee (1910–87).

Gift 1) 1964 med grafiker Anneliese Witte (2.4.1940–30.8.1984), datter av saksfabrikant Kurt Witte (1909–69) og husmor Adline Specht (1914–94); 2) 1987 med Hae Jong Lee (23.6.1954–), datter av Joo Ha Lee (1921–97) og Young A Choi (1929–).

Chul Ho Lee, 2010
Av /Scanpix.

Chul Ho Lee, òg kjent som Mr. Lee, var ein norsk-koreansk forretningsmann og kokk.

Lee kom til Noreg 1954 for å få medisinsk behandling etter å ha vore innlagd på eit norsk feltsjukehus i Korea, og utdanna seg som kokk. Han arbeidde ved restaurantar i Sveits, Frankrike og Tyskland, og kom i midten av 1960-åra tilbake til Noreg. Lee var ein periode kjøkkensjef på Holmenkollen Turisthotell, og hadde seinare ei leiande stilling i næringsmiddelfirmaet Møllhausen.

Mot slutten av 1980-åra starta Lee for seg sjølv med brødproduksjon og sal av nudlar under varemerket Mr. Lee, effektivt marknadsført med ein serie originale reklamefilmar der han sjølv hadde hovudrolla. Varemerket blei 1995 selde til Rieber & Søn ASA.

Lee fekk Kongens fortenestemedalje i 2004.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg