Faktaboks

Christian Vidsteen

Christian Bang Vidsteen

Fødd
11. januar 1832, Tysnes, Vestland
Død
8. februar 1915, Leirvik i Stord, Vestland

Christian Vidsteen var lege og språkgranskar. Han gav ut bøker om bygdemåla i Sunnhordland, Hardanger og på Voss og skreiv ei dansk-norsk ordbok.

Bakgrunn

Christian Bang Vidsteen var fødd i Tysnes i noverande Vestland og døydde i LeirvikStord i Søndre Bergenhus amt (no Vestland). Han tok examen artium ved katedralskulen i Bergen i 1848 og medisinsk embetseksamen i 1856 ved universitetet i Kristiania. Deretter reiste han på studietur i utlandet eit år. Det meste av tida var han i Wien og Paris.

Etter eit par månader som praksislege i Bergen vart han i mai 1858 konstituert som distriktslege i ytre Hardanger. Allereie same hausten vart han utnemnd til distriktslege i indre Sunnfjord. Frå hausten 1863 var han distriktslege i ytre Sunnhordland.

Språkgransking

Han tok avskil frå legegjerninga i juni 1882 og vigde seg til språkgransking. Same året gav han ut Oplysninger om Bygdemaalene i Søndhordland. Han var så på Island nærare eitt år for å lære islandsk betre. I 1884 gav han ut Oplysninger om Vossemaalet, året etter Oplysninger om Bygdemaalene i Hardanger.

I1900 kom Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland. Med en kortfattet Lydlære og Bøiningslære samt Sprogprøver, som blir rekna som hovudverket hans. Boka har etter Marius Hægstads utrekning 14 000 oppslagsord. I 1907 vart Dansk-norsk Ordbog utgitt, ei ordbok med danske oppslagsord og omsetjingarlandsmål. Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland kom i ny utgåve ved Sunnhordland folkemuseum og sogelag i 1983.

Ettermæle

Landeigedomen sin, «Furulund», gav han til Leirvik Brand- og bygningskommune mellom anna på det vilkåret at det skulle vere ein park for folk i Leirvik. Parken, som Stord kommune i dag har hand om, er på ca. 15 mål og gir tilhald for Sunnhordland museum.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bergens Kathedralskoles Historie fra 1826 til 1858. Bergen 1859
  • Severin Eskeland: «' Ein god son av si heimbygd'. Chr. Vidsteen». Sunnhordland. Tidsskrift. Utgjeve av Sunnhordland Museum og sogelag. 1948
  • Torleiv Hannas: «Christian Vidsteen». Syn og Segn nr. 9/1915
  • F.C. Kiær: Norges læger i det nittende aarhundrede. 1800–1871. Christiania 1873
  • I. Kobro: Norges læger. 1800–1908. Bd. 2. Kristiania 1915
  • Ole Didrik Lærum: «Christian Vidsteen og vossamålet». Gamalt frå Voss. 1977

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg