Faktaboks

Christian Matras
Uttale
matrˈas
Fødd
7. desember 1900, Viðareiði, Færøyene
Død
16. oktober 1988, Tórshavn
Christian Matras
Christian Matras
Av /Postverk Føroya.

Christian Matras var en færøysk forfattar og universitetslærar. Både som språk- og litteraturforskar, som redaktør og som lyrikar har han hatt mykje å seie for det færøyske åndslivet til 1900-talet.

Han var frå ein kjøpmannsfamilie, og tok doktorgrad i København i 1933 med avhandlinga Stednavne paa de færøske Norðuroyar. Han var lektor i færøysk ved Universitetet i København frå 1936, frå 1952 professor, frå 1965 til 1971 ved Færøyanes akademi, Fróðskaparsetur Føroya.

Matras debuterte som lyrikar i 1926 med samlinga Grátt, kátt og hátt, følgd av fleire diktsamlingar som mellom anna Á hellu ég stóð (1972) og Úr sjón og úr minni (1978). Dikta skildrar det færøyske landskapet og folkelivet med ein nærleik som varsla om noko nytt i færøysk dikting.

Som forskar gav han ut ordbøker, skrev Føroysk bókmentasøga (1935). redigerte utgåver av Jens Christian Svabos skrifter frå 1700-talet, og tok opp arbeidet med Fóroya kvæði. Corpus carminum færoensium. Som omsetjar førte han Robert Burns, Kingo, William Heinesen, Swifts Gullivers reiser, Voltaires Candide og Albert Camus over til færøysk.

Dikta hans er gjendikta til norsk av Knut Ødegård i Færøysk lyrikk (1974) og av Anne-Kari Skarðhamar i Dikt fra Færøyene (1993).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg