Faktaboks

Christian Botha
Fødd
12. mai 1888, Flosta (i dag Arendal), Agder
Død
30. april 1955

Christian Botha var lærar, forfattar og språkpolitikar. Han stod midt i språkstriden i slutten av 1930-åra, då Stortinget vedtok nye rettskrivingsreglar, som skulle byggje bru mellom bokmål og nynorsk.

Christian Botha var fødd i Flosta, som no er ein del av Arendal. Han tok eksamen ved Kristiansand offentlege lærarskule i 1909 og arbeidde sidan som lærar både der i byen og ymse andre stader, før han flytte med familien til Kristiania. Her heldt han fram i læraryrket og engasjerte seg politisk, som medlem av bystyret for Høgre. Botha arbeidde mellom anna aktivt for symjesaka og heldt mange kurs i symjeopplæring.

Botha var eit skrivande menneske. I 1915 fekk han gitt ut diktsamlinga Personer og stemninger, med tekstar både på nynorsk og bokmål. Seinare tok han ei klar stilling i målsaka, som ein av dei fremste leiarane for riksmålsrørsla. Botha var i mellomkrigsåra leiar både i Lærernes Riksmålsforening og i Oslo Riksmålsforening. Han heldt mange foredrag og hadde ofte innlegg i avisene, særleg om målsaka.

Han engasjerte seg sterkt mot den nye bokmålsrettskrivinga frå 1938, som gav talemålet ei sterkare stilling. Under andre verdskrigen var han med i NS-regjeringa sin rettskrivingskomité, noko som gjorde at han vart suspendert frå arbeidet som lærar etter krigen. I den påfølgjande rettssaka fekk Botha kritikk, men han vart likevel frifunnen og fekk tilbake stillinga si.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arne Tjelle: «Rettskrivinga av 1941. Bakgrunn, politisk spel og ideologisk analyse», Nordica Bergensia nr. 2/1994. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • «Fanatiske bokmålsfolk gjorde samlag med N.S. for å velte 1938-rettskrivinga», Norsk Tidend 6.11.1947. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg