Christian er eit mannsnamn som kjem av det latinske Christianus og det greske Christianos med tydinga ‘som høyrer Kristus til; kristen’.

Namnet har fleire variantar: Christian, Cristian, Kristian.

Kjende personar med namnet Christian

Eit utval personar med namnet Christian, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 14 344 menn i Noreg som hadde Christian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Christian var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 54 gutar som fekk namnet Christian.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kristian og Christian slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Innafor tidsrommet 1845–1899 var Kristian og Christian svært mykje brukte og låg vekselvis som nummer 5, 6, 7 og 8 på ranglista for femårsperiodar innanfor dette tidsrommet. Begge namneformene fekk eit nytt oppsving på slutten av 1900-talet, og når frekvensane deira er slått saman, låg dei da på omtrent same nivå som i toppfasen på 1800-talet.

Utvikling i bruk av namnet Christian frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Christian frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg