Christer er eit mannsnamn som er nordisk form av Christian som kjem av det latinske Christianus og det greske Christianos med tydinga ‘som høyrer Kristus til; kristen’.

Christer er særleg vanleg i Sverige. I Danmark har dei – ved sida av Christer – den meir sjeldsynte varianten Christiern.

Namnet har fleire variantar: Christer, Crister, Krister.

Namnedag er 15. mars. Chris, Chris og Christel har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Christer

Eit utval personar med namnet Christer, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 929 menn i Noreg som hadde Christer som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Christer.

Utvikling i bruk av namnet

Christer er blant dei namna som har vorte innlånte frå Sverige, og som har hatt toppfasen sin i 1970-åra eller seinare. Dette gjeld også dei svenske innlåna Ørjan, Gøran, Niklas og Linus.

Utvikling i bruk av namnet Christer frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Christer frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg