Faktaboks

Chengde

kinesisk 承德市

Putuo Zongcheng er eitt av templa som står oppført på UNESCOs Verdsarvliste, bygd 1767–1771 etter modell av Potala-palasset i Lhasa.
.
Lisens: CC BY 2.0

Chengde er ein by i Kina i Hebei-provinsen, 160 kilometer nordaust for Beijing, ved eit tilløp til Luan-elva. Byen har 934 000 innbyggjarar (FN, 2021). Chengde er eit handels- og industrisenter og senter for frukt- og urtedyrking. I området er det også bryting av steinkôl og kopar.

Chengde var mandsju-keisarane sin sommerresidens frå ca. 1700 til byrjinga av 1800-talet. Palasset og fleire lama-tempel (tibetansk buddhisme) er tekne vare på og står oppførte på UNESCOs Liste over verdas kultur- og naturarv. Byen var okkupert av japanarane frå 1933 til 1945, og var til 1956 hovudstad i den tidlegare provinsen Jehol.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg