Faktaboks

Charlotte Mary Yonge
Uttale
jʌŋ
Fødd
11. august 1823, Otterbourne, Hampshire, England
Død
24. mai 1901, Otterbourne, Hampshire, England
Charlotte Yonge i 35-årsalderen

Charlotte Mary Yonge var ein produktiv og populær engelsk forfattar i siste halvdel av 1800-talet.

Yonge skreiv over 160 bøker, og mange av romanane gjekk i store opplag. Ho var difor eit kjend namn i si levetid, og mykje beundra også utanfor sitt eige land.

Jenter og utdanning

Charlotte Yonge vaks opp i Hampshire, og fekk ei uvanleg grundig privatundervisning av faren, som lærte henne til dømes klassiske og moderne språk og matematiske fag. Dei dreiv med heimeskule til ho var over tjue, og Yonge var heile livet opptatt av at jenter måtte få rett til utdanning.

I førti år frå 1851 redigerte ho eit blad med lesestoff for jenter, The Monthly Packet. I ein del av desse åra dreiv ho også med skrive-opplæring for unge kvinnelige slektningar og laga eit privat blad der dei kunne publisere essays, dikt og omsettingar.

Dette drivet til utdanning vart tatt eit steg vidare av gud-dottera Alice Mary Coleridge, som stifta Abbots Bromley School for Girls i 1874.

Romanar

Yonge var likevel mest kjent som romanforfattar, ikkje minst var The Heir of Redclyffe (1853) mykje lest og omsett til andre språk. Det vert sagt at dei unge studentane William Morris og Edward Burne-Jones var sterkt inspirert av hovudpersonen Guy Morville når dei var med og forme dei pre-Rafaelittiske idéane.

Dei mest kjente av dei andre romanane er Heartsease (1854) og The Daisy Chain (1856). Yonge skreiv også slektsromanar, historiske romanar og barnebøker om gresk, romersk og middelalder-historie.

Oxford-rørsla

Charlotte Yonge som 75-åring
.

Yonge var fødd inn i den anglikanske, høgkyrkjelege Oxford-rørsla, og vert nokre gonger omtalt som rørsla sin eigen romanforfattar. Leiaren og presten John Keble var ein nabo av familien.

I nyare tid har Yonge sin forfattarskap gjerne blitt bagatellisert og beint fram oversett. Eller ho blir fordomsfullt omtalt som moralistisk og didaktisk, trass i at få i dag har lese henne.

Biografiar og namnegransking

Skulptøren er Vivien Mallock, 2015.

Statue av Yonge i heimbyen Eastleigh i Hampshire

Av .
Lisens: CC BY 2.0

I tillegg til å skrive fiksjon, skreiv også Younge biografiske arbeid, ikkje minst ei bok om Hannah More (1888).

Ho var i tillegg ein pioneer innafor namnegransking, med si History of Christian Names (1884) som vart nemnd som det første seriøse arbeidet på feltet då The Oxford Dictionary of English Christian Names kom i 1944.

Omsetting til norsk

  • Min unge Herkulus, 1880. Ukjent omsettar.
  • Den lille hertug, 1884. Ukjent omsettar.
  • Den lille hertug, 1917. Omsett av Clara Thue Ebbel.

Litteratur

  • Hayter, Alathea, Charlotte Yonge, Plymouth: Northcote House, 1996.
  • Mitchell, C., Jordan, E., Schinske, H. (red.), The Letters of Charlotte Mary Yonge (1823-1901), London: School of Advanced Study, 2007.
  • Sandback-Dahlström, C., Be Good Sweet Maid: Charlotte Yonge's Domestic Fiction, Stockholm: Almquist and Wicksell, 1984.
  • Walton, Susan, Imagining Soldiers and Fathers in the Mid-Victorian Era: Charlotte Yonge's Models of Manliness, London: Routledge, 2010.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg