Faktaboks

Changzhou

kinesisk: 常州市

Changzhou er ein by i austlege Kina i provinsen Jiangsu, ved jernbanen mellom Shanghai og Nanjing. Storbyområdet har 3 794 000 innbyggjarar (FN, 2021).

Byen har stor tekstil- og tekstilmaskinindustri, og produksjon av mellom anna lokomotiv, jernbanemateriell, elektrisk utstyr, dieselmotorar og stålverk.

Changzhou var eit viktig handelssenter alt under Song-dynastiet (960–1279). Tekstilindustrien blei bygd ut i 1920- og 1930-åra, den mekaniske industrien i perioden etter 1949 (ved innføringa av folkerepublikken).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kjelder

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg