Chanett er eit kvinnenamn som truleg er ein stavevariant av det franske Jeanette som er fransk diminutiv («vesleform») på -ette av Je(h)anne – jamfør Johanne.

I fransk uttale av Jeanette høyrest ikkje -[e] i utlyd, og dette viser seg i den alternative norske stavemåten Jeanett.

Namnet har fleire variantar: Chanett, Chanette, Jeanet, Jeaneth, Jeanett, Jeanette, Jeannette.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Chanett som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg