Faktaboks

Catherine Malabou
Fødd
1959, Sidi Bel Abbès, Algerie
Catherine Malabou
Pressefoto
Catherine Malabou
Av /The Banff Centre.

Catherine Malabou er ein fransk filosof som dei siste tiåra har kome med viktige innspel til forskinga på Hegel, Heidegger og Lacan, tilhøvet mellom filosofi, nevrovitskap og psykoanalyse, samt Kant og epigenetikk. Som elev av Jacques Derrida er ho påverka av dekonstruksjon, men ho søkjer utover Derrida sitt fokus på tekst, og vil syne kvifor humanvitskapane ikkje kan ignorere naturvitskapens funn.

Malabou er tilsett som professor ved The European Graduate School og The Centre for Reasearch (CRMEP) ved Kingston University. Ho er utdanna ved École Supérieure Lettres et Sciences Humaines, der ho (i 1994) leverte si doktoravhandling om Hegel, med Derrida som rettleiar.

Plastisitet og vane

I The Future of Hegel: Plasticity, Temporality and Dialectic introduserer Malabou omgrepet plastisitet som ei nøkkel til å forstå kva Hegel meinte med utvikling. Plastisitet, som gjeld evna til å forme seg om – til å få, gje og oppløyse form – avslører korleis Hegels dialektiske system korkje er lukka eller er uttrykk for ei pre-determinert utviklingsbane.

For Malabou er Hegel sitt individ å rekne som plastisk – det vil seie engasjert i si eiga omforming. Det formar seg sjølv om ved å leggje til seg særskilde vanar, ein prosess der ein interagerer med det som kjem utanfrå, og er med på å bestemme kva effekt ytre og indre faktorar skal ha. Dei utgjer ein tendens som legg føringar for vidare utvikling og framtidig plastisitet. Vane er difor eit instrument for plastisitet, og syner korleis vi formar oss sjølve og omverda gjennom vår aktivitet.

Nevroplastisitet

I seinare verk rettar ho fokus mot nevroplastisitet, som er hjernen sin evne til å omorganisere seg og å kompensere for skadar eller sjukdomar. Dette skjer mellom anna gjennom at ein endrar funksjonen til område i hjernen – opprettar nye hjernekoplingar eller styrkar bindingane mellom eksisterande koplingar. Hjernen sin plastisitet er utbreidd og heilt avgjerande for funksjonsevna vår.

Sjølv om definisjonen ovanfor stemmer, er den for avgrensa for Malabou, som hevdar at ein innanfor nevrovitskapen i stor grad reduserer plastisitet til berre å gjelde passiv mottaking av form – utan å framheve korleis vi òg formar oss sjølve aktivt.

Ut i frå dette hevdar ho at nevrovitskapen er offer for eit reduksjonistisk syn på plastisitet, eit syn som i stor grad er forma av den rådande marknadsideologien. Her vert subjektet identisk med hjerneaktivitet og hjernen rekna som uendeleg formbar. Soleis vert plastisitet redusert til fleksibilitet (eller elastisitet), og knytt til ideen om det fullstendig formbare individet.

Malabous plastisitetsomgrep er ein kritikk av dette synet. Ho legg vekt på korleis plastisitet gjeld korleis vi kan aktivt kan omforme oss sjølve, blant anna gjennom å yte motstand mot ytre eller indre påverknader. Hjernen vår har (og er) ei historie som legg føringar for korleis vi kan forme oss sjølve. Historia er irreversibel, og vi er ikkje i ein posisjon der vi kan forme oss sjølve upåverka av den.

Hjerne og subjektivitet

Malabou fremjar difor ein teori om sjølvet som eit formbart knutepunkt av relasjonar mellom fysiske og psykiske domene. Sjølvet har ikkje nokon fast stad i nokon av desse domena, men er ein funksjon av interaksjon på tvers av nivå. Eit system kan dominere dei andre, men aktiviteten i eit system (til dømes det biologiske) er sjeldan bestemmande for utviklingsbana åleine. Effekten av forandringar i eit system er ein konsekvens av konstitutiv interaksjon mellom system.

Hjernen sin evne til sjølv-organisering syner at den er genetisk ubestemt i avgjerande høve. Malabou forfektar difor ikkje ein teori der det biologiske eller nevrale nivået determinerer dei andre nivåa på ei rigid måte. Ho har ein ikkje-reduktiv tilnærming til naturvitskapane, der det ikkje finst klåre skiljelinjer mellom indre og ytre påverknader.

For Malabou er hjernen ikkje ein styringsinstans som kan operere uavhengig av til dømes kroppen eller omverda; hjernen impliserer alltid andre system. Han er ikkje sjølvtilstrekkeleg, men må etablere relasjonar til omverda for å fungere optimalt. Ein kan difor ikkje (legitimt) redusere sjølvet til hjerneaktivitet åleine eller ta for gjeve ein hierarkisk modell med hjernen plassert øvst. Dette er soleis ein kritikk av "sentralbord"-modellen av hjernen.

Negativ plastisitet

Plastiske relasjonar kan verte eksplosive, då forma ein har (og er) stadig trugar med å gå i oppløysing: sjukdomar med nevrologisk basis, som Alzheimers, kan medføre radikale brot med den ein tidlegare var, og at aspekt med den ein er går tapt. Slike erfaringar av framandgjering er skilsetjande for subjektet.

Hjerneskadar kan endre ein radikalt, og er vitnesbyrd på at vi ikkje er fullstendig fleksible, men sårbare vesen som kan verte omforma når som helst. Men organiske hendingar er ikkje strengt determinerande, utanom i sjukelege tilhøve. Ein kan stå imot oppløysing og forme seg sjølv om til eit nytt individ. Malabou kallar dette negativ eller destruktiv plastisitet – som gjeld potensialet for å verte oppløyst, men ogso evna til å bryte med vår etablerte form og verte ein annan.

Eksistensielle brot kan oppstå gjennom at vår organiske natur vert endra (utan at verknaden er gjeven på førehand), men dei kan ogso oppstå på andre måtar, utan klåre organiske årsaker. Det kan gjelde brot med måten ein lever på og etablering av nye vanar. Dette er ein meir graduell forandring enn momentane brot som skuldast hjerneskade, men skilnaden mellom desse formene for plastisitet er ikkje kvalitativ. Gjennom vanar endrar ein hjernestruktur, noko som i neste omgang både påverkar sjansen for å utvikle til dømes Alzheimers og korleis ein eventuelt taklar radikale brot med den ein er.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Johnston, A., & Malabou, C. (2013). Self and emotional life: philosophy, psychoanalysis, and neuroscience. Columbia University Press.
  • Malabou, C. (2004). The Future of Hegel: Plasticity, Temporality and Dialectic. Oms. Lisabeth During. Routledge. (Utgjeven på fransk i 1994.)
  • Malabou, C. (2008). What Should We Do with Our Brain? Oms. Sebastian Rand. Fordham University Press. (Utgjeven på fransk i 2004; på norsk i 2017.)
  • Malabou, C. (2011). Ontology of the Accident: An Essay on Destructive Plasticity. Oms. Carolyn Shread. Polity Press. (Utgjeven på fransk i 2009.)
  • Malabou, C. (2010). Plasticity at the Dusk of Writing: Dialectic, Destruction, Deconstruction. Oms. Carolyn Shread. Columbia University Press. http://doi.org/10.1017/CBO9781107415324.004 (Utgjeven på fransk i 2004.)
  • Malabou, C. (2011). The Heidegger Change: On the Fantastic in Philosophy. Oms. Peter Skafish. State University of New York Press. (Utgjeven på fransk i 2004.)
  • Malabou, C. (2012). The New Wounded: From Neurosis to Brain Damage. Oms. Steven Miller. Fordham University Press. Retrieved from http://fordhampress.com/index.php/the-new-wounded-cloth.html (Utgjeven på fransk i 2007.)
  • Malabou, C. (2016). Before Tomorrow: Epigenesis and Rationality. Oms. Carolyn Shread. Polity Press. (Utgjeven på fransk i 2014.)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg