Caspian er eit mannsnamn. Namnet, som er nytt (brukt frå 1991 i Noreg), kjem truleg av prins Caspian i Narnia-bøkene (1950–1956) av C.S. Lewis. Denne prinsen har namnet sitt etter Det kaspiske hav (på engelsk Caspian Sea).

Namnestatistikk

I 2022 var det 480 menn i Noreg som hadde Caspian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 18 gutar som fekk namnet Caspian.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Caspian frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Caspian frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg