Caroline er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Carolus.

Namnet har fleire variantar: Carolin, Carolina, Caroline, Karolin, Karolina, Karoline.

Kjende personar med namnet Caroline

Eit utval personar med namnet Caroline, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 667 kvinner i Noreg som hadde Caroline som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 14 jenter som fekk namnet Caroline.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Karoline og Caroline slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Namn med suffikset -ine var populære på 1800-talet. Det gjeld også Karoline og Caroline som var på topp 1860–64 (nr. 5 på ranglista). På 1800-talet fungerte namn på -ine som oppkallingsnamn etter mannlege slektningar, til dømes Oline etter Ole og Karoline etter Karl eller Karolus. Slike namn var svært populære midt på 1800-talet. Denne oppkallingsskikken gjekk sterkt tilbake på 1900-talet,og når nokre få av dei mange namna på -ine frå 1800-talet har vorte populære att rundt år 2000, kan ikkje dette sjåast på som ei oppatt-taking av den gamle skikken. Sidan år 1900 har Karoline vore brukt 1,6 gongar meir enn Caroline.

Utvikling i bruk av namnet Caroline frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Caroline frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg