Carmen er eit spansk kvinnenamn laga til ei nemning på jomfru Maria: La Virgin de Monte Carmen, det vil seie jomfru Maria frå fjellet Karmel (i Palestina).

Fjellnamnet Karmel frå Bibelen har i denne samanhengen vorte til Carmen. Namnet Carmen har seinare vorte assosiert med det latinske ordet carmen som tyder ‘song’.

Namnedag er 27. mai. Cato og Katinka har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Carmen

Kulturell bruk

  • Carmen er ei heltinne i Georges Bizets opera «Carmen» (1875).
  • «Carmen og Maja» (1932) er ei novellesamling av Cora Sandel.

Kjende personar med namnet Carmen

Eit utval personar med namnet Carmen, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 935 kvinner i Noreg som hadde Carmen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 jenter som fekk namnet Carmen.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Carmen frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Carmen frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg