Faktaboks

Carl Yngvar Christensen
Fødd
22. juni 1990, Elverum

Carl Yngvar Christensen er ein norsk tidlegare styrkeløftar. Han vart verdsmeister og sette fleire verdsrekordar i den tyngste vektklassen i kraftidretten styrkeløft.

Merittar

  • Verdsmeister 2014
  • Europameister i 2012 og 2014
  • Sølv i VM 2013
  • Bronse i World Games 2013
  • NM-gull og kongepokal i 2012 og 2014

Karriere

I yngre år var Carl Yngvar Christensen eit stort talent i snowboard, men ein ankelskade gjorde at han måtte byrje å trene styrke. Som 17-åring starta han difor med styrkeløft. Han fekk raskt svært gode resultat.

I 2011 vann Christensen både junior-EM og junior-VM og fekk eit internasjonalt gjennombrot. Allereie året etter vann han senior-EM og tok bronse i VM – framleis som junior.

2014 vart det store året i Christensen si karriere. Då vann styrkeløftaren både EM og VM. Under VM sette han verdsrekord i knebøy med 490 kilo, løfta 350 kilo i benkpress og 390 kilo i markløft. Totalsummen på 1230 kilo var og ny verdensrekord.

Christensen måtte to år seinare gi seg med styrkeløft på grunn av kneskade. Han vart seinare leiar for Brumunddal Atletklubb.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg