Faktaboks

Carl Sagan

Carl Edward Sagan

Uttale
sˈeigən
Fødd
9. november 1934, Brooklyn, New York, USA
Død
20. desember 1996, Seattle, Washington, USA
Carl Sagan
Carl Sagan fotografert i 1994.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Carl Sagan var ein amerikansk astronom, vitskapsformidlar og professor ved Cornell University frå 1968. Dei viktigaste arbeidsområda hans var atmosfæren og overflata til planetane, romforsking og astrobiologi.

Sagan var konsulent for NASA i samband med romsondeprogramma Mariner, Viking og Voyager. Han bidro mellom anna til å lokalisere landingsstader på Mars for Viking-sonden og arbeidde med designet av gullplata som var festa til Pioneer- og Voyager-sondane.

Han er ein av USAs mest kjende astronomar gjennom tidene, kjend for dei vitskaplege og populærvitskaplege arbeida sine. Nokre av bøkene hans har komme i norsk utgåve: Paradisets drager (1980), som han fekk Pulitzerprisen for, Kosmos (1981), som byggjer på ein kjend TV-serie med same tittel, og science fiction-romanen Kontakt (1986), som var utgangspunkt for filmen med same namn (1997).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg