Carina er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Karina, ei nyare form av Katrina. Namnet har lengst bak opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

I norrønt gjekk [tr] over til [ðr] i dette namnet, og deretter fall [ð] bort. Carina kan også ha opphav i det latinske namnet Cara av adjektivet car-us/-a som tyder ‘kjær’.

Namnet har fleire variantar: Carina, Carine, Karina, Karine.

Kjende personar med namnet Carina

Eit utval personar med namnet Carina, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 566 kvinner i Noreg som hadde Carina som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Endinga -ine var mykje meir brukt enn -ina på 1800-talet, og dette kjem også fram i kurvene for for Karine og Karina. I siste halvdel av 1900-talet endra dette seg: Nå vart Karina – og stavevarianten Carina – populære. I Sverige er Karina og Carina mykje meir brukte enn Karine og Carine. Det er truleg svensk påverknad som ligg bak oppsvinget for Karina og Carina i siste halvdel av 1900-talet, for i Sverige låg både Karina og Carina på topp 1960–1964. Det kan elles nemnast at -ina er den vanlege endinga i Sverige, mens -ine er mest utbreidd i Noreg. Såleis vart den svensk-norske dronninga på 1800-talet omtalt som Josefina i Sverige, Josefine i Noreg. Ho levde frå 1807 til 1876.

Utvikling i bruk av namnet Carina frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Carina frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg