Cæsar er eit mannsnamn som opphavleg er eit romersk tilnamn (Caesar). Tydinga er usikker.

Frå namnet Cæsar stammar orda keisar og tsar.

Namnet har fleire variantar: Cesar, Cæsar.

Personar med namnet Cæsar

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var skipsreiar Cæsar Boeck fødd 1808 i Kongsberg, busett i Lier i 1865.

Kjende personar med namnet Cæsar

Eit utval personar med namnet Cæsar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Cæsar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg