Faktaboks

Administrasjonssenter
Bykle
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Aust-Agder)
Innbyggjartal
991 (2023)
Landareal
1 254 km²
Høgaste fjell
Sæbyggjenuten (1507 moh.)
Innbyggjarnamn
byklar
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4222 (frå 01.01.2020, tidlegare 0941)

Kommunevåpen

Kart: Bykle kommune i Agder
Bykle kommune i Agder fylke.
Kart: Bykle kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Bykle

Bykle er ei tradisjonsrik Setesdals-bygd med gamle hus og særprega bondekultur. Her ser vi kyrkjegrenda i den søraustlege delen, med mellom anna Bykle kyrkje, som har inventar frå 1600-talet.

Av /KF-arkiv ※.
Fra Bykle.
/Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 3.0

Bykle er ein kommune i Agder fylke. Bykle er den nordlegaste kommunen i Setesdal, og ligg dermed også lengst nord i fylket. I sør grensar kommunen til Valle kommune, i sørvest til Sirdal, i vest til kommunane Sandnes, Hjelmeland og Suldal i Rogaland, i nord til Vinje og i aust til Tokke, begge i Telemark fylke.

Bykle blei oppretta som kommune i 1902 ved utskiljing frå Valle. Sidan har kommunen hatt uendra grenser.

Natur

Berggrunnen i Bykle består av granitt og noko gneis som tilhøyrer Det store sørnorske grunnfjellsområdet. Dei høgaste toppane består av granitt med underliggjande gneis. I nordvestre del av kommunen har landskapet ei nordvestleg–søraustleg strokretning som blei danna ved den kaledonske fjellkjedefaldinga. Det høgaste fjellet i både kommunen og fylket er Sæbyggjenuten på grensa til Tokke i aust, på 1507 meter over havet. I vest når Kaldafjellet på grensa til Suldal høgast med sine 1452 meter over havet.

Bykle er den største kommunen i fylket i areal og omfattar ein stor del av Setesdalsheiene. Dei vidstrekte viddene inneheld ei rekkje store fjellvatn og er kjeldeområde for elva Otra. Store delar av fjellet er i offentleg eige. Njardarheim er eit 230 km2 stort fjellområde som blei overteke av staten etter 1945, og i tillegg kjem 150 km2 statsallmenning. Dalbotnen stig sterkt i Bykle kommune, frå 350 meter over havet lengst i sør til om lag 900 meter i nord. Av arealet i kommunen ligg 6/7 høgare enn 900 meter over havet.

Kommunen har seks naturvernområde:

  • Hisdal naturreservat, skogvern, 16 329,7 dekar, verna i 2008
  • Hovden landskapsvernområde, vern av variert natur, 59 168,1 dekar, verna i 1986
  • Lislevatn naturreservat, våtmarksvern, 1 131,6 dekar, verna i 1982
  • Setesdal Vesthei / Ryfylkeheiane landskapsvernområde, dyrelivs- og landskapsvern, 2 331 474,6 dekar, verna i 2000
  • Steinsbuskardet – Hisdal, biotopvernomrade, kalvingsområde og trekkvegar for villrein, 33 344,4 dekar, verna i 2000
  • Vidmyr naturreservat, myrvern, 9 582,0 dekar, verna i 1986

Klima

Den kaldaste månaden er februar med ein normal på −3,1 °C, og varmaste månad er juli med ein normal på 14,9 °C. Mest nedbør er det i oktober med ein normal på 132,0 millimeter, og minst er det i april med ein normal på 49,4 millimeter. Målingane er gjorde ved Valle målestasjon.

Busetjing

Etter folketalet er Bykle ein av dei minste kommunane i landet. Ved slutten av krigen låg folketalet rundt 700, men viste stort sett nedgang fram til første halvdel av 1970-talet. Lågast låg det i 1973 med 458 innbyggjarar. Sidan har det stort sett vore i vekst, og i 2023 hadde det auka til 991 innbyggjarar. I tiårsperioden 2010–2020 auka folketalet i Bykle med gjennomsnittleg 0,5 prosent årleg mot 1,1 prosent i fylket samla sett og 0,4 prosent årleg for setesdalskommunane samla. Veksten dei siste tiåra må sjåast i lys av den sterke utbygginga av turisttrafikken i kommunen.

Busetjinga følgjer hovuddalen og er konsentrert om dei to tettstadene Bykle (Bykle kyrkjestad), som er administrasjonssenter, og turistsenteret Hovden, som ligg 27 kilometer lenger nord på rundt 800 meter over havet. Av befolkninga i Bykle budde 68 prosent i tettstader i 2016 mot 73 prosent i fylket samla sett.

Kart over Bykle kommune
Kart over Bykle kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Smalevatn
Bykle er ein betydeleg kraftkommune. I Heiane er mange vatn sterkt regulerte i samband med Sira-Kvina-utbygginga. Biletet syner Svartevassmagasinet, Norges fjerde største reguleringsmagasin.
Av /Statskog.
Lisens: CC BY NC 2.0

Fjellet er tradisjonelt viktig for næringsgrunnlaget i Bykle, mellom anna ved reindrift og jakt. Jordbruket var tidlegare berebjelken, men betyr i dag lite for sysselsetjinga. I 2016 var berre éin prosent av arbeidsplassane i Bykle i primærnæringane. Jordbruket har blitt fornya dei siste tiåra, og det er mellom anna teke i bruk nydyrka areal i fjellet med både grasproduksjon og fellesbeite på Bjåen og i Hovden. På Bjåen finn den høgastliggjande garden i landet med mjølkeproduksjon.

I dag er turistverksemda viktigast for kommunen med vel 17 prosent av arbeidsplassane. Hovden er ein vintersportsstad med hotell og store hytteområde, alpinanlegg og turløyper, moderne badeanlegg og moglegheiter for kanopadling. Heiane innbyr elles til allsidige aktivitetar året rundt. Bykle har dessutan turisthytter, mellom anna Hovdehytta ved Hartevatnet på 770 meter over havet. I samband med turistnæringa har det vakse fram mindre service- og industribedrifter.

Bykle har ei beskjeden industriverksemd som per 2016 utgjer seks prosent av arbeidsplassane i kommunen, 33 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Den heilt dominerande industribransjen er trelast- og trevareindustrien.

Utbygginga av Øvre Otra til kraftføremål har tilført kommunen mykje verksemd. Ei rekkje av dei store vatna er regulerte. Bykle er den nest største kraftkommunen i Aust-Agder, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 886 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er fire kraftverk i kommunen, dei største er Holen I-II kraftverk (i drift frå 1981) og Holen III kraftverk (1987).

Samferdsel

Riksveg 9 mellom Haukeligrend og Kristiansand går gjennom kommunen frå nord til sør. I Haukeligrend i Vinje møter vegen E134 (Drammen–Haugesund).

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bykle har ein godt utbygd kommuneadministrasjon i bygdesenteret Bykle og har bibliotek, symjehall, idrettsplass og samfunnshus på Hovden. I kommunen er det ei avdeling av Setesdal vidaregåande skule med mellom anna skigymnas.

Bykle høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Setesdal Regionråd saman med Bygland, Evje og Hornnes og Valle.

Bykle kommune svarer til soknet Bykle i Otredal prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bykle til Sætersdalen fogderi i Nedenes amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bykle

For statistiske føremål er Bykle kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 8 grunnkrinsar: Trydal, Bykle, Hoslemo, Hovden, Skyvatn, Vatnedalen, Nesland og Gyvatn.

Historikk og kultur

Hovden jernvinnemuseum.
Hovden jernvinnemuseum.
Bykle gamle kirke.
Bykle gamle kirke.

Jernrike myrar i området rundt Hovden danna grunnlaget for ei omfattande jernutvinning frå 800- til 1400-talet. Det er grunn til å tru at jernutvinninga i Hovden har vore blant dei viktigaste i Noreg. Fleire funn av kolgroper og blester-tufter har vore utgangspunkt for Hovden Jernvinnemuseum, som opna i 1990. Bykle har to samlingar med gamle hus, Huldreheimen og Lislestog i Bykle kyrkjegrend. Bykle kyrkje er ei liten og vakker rosemåla trekyrkje frå 1619. Ei ny og moderne kyrkje blei innvigd i 2004.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) har grøn grunn strødd med sølvfarga dropar. Dropane symboliserer vatnet som har vore ei viktig energikjelde i kommunen frå kvern til turbin. Den grøne grunnfargen viser til kva jordbruket tradisjonelt har hatt å seie for kommunen.

Namnet kjem av innsjønamnet Bykil, truleg avleidd av bauka, ‘plaske, skvulpe'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gjerden, Knut & Bjørgulv Holen: Gards- og ættesoge for Bykle. Med eit stutt utdrag av kultursoga, 1966.
  • Gjerden, Knut: Bykle bygdesoge: kultursoga, 1974.
  • Gjerden, Knut: Bykle kultursoge, 1993, isbn 82-991746-2-7.
  • Holen, Olav G.: Ferdavegane i Bykleområdet og dei viktigaste vegane til og frå øvre Setesdal, 1968.
  • Holen, Olav G.: Jakt, fiske og fangst og litt av næringa og folkelivet i Bykle, 1986.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg