Utsikt over Bygstad fra Storehesten.

Bygstad.

Bygstad er ei bygd i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Bygda ligg inst i Dalsfjorden ved lakseelva Gaula.

Faktaboks

Etymologi

eigentleg gardsnamn, samansett med mannsnamnet Bjugr

Fylkesveg 57/E39 går 22 kilometer mot nordaust til Førde, fylkesveg 610/13 går mot aust til Balestrand, fylkesveg 610/E39 går mot sør til Vadheim og fylkesveg 57 går mot vest til Dale i Sunnfjord. Førde lufthamn ligg på Bringeland.

Bygstad kyrkje er ein langkyrkje i tømmer frå 1845. Ho stod tidlegare på garden Bygstad lenger vest, men vart i 1939 flytta til Reitaflata ved fylkesveg 57, nordaust for Eidesvik som ligg litt vest for botnen av Dalsfjorden. Ved Bygstad gard stod det tidlegare ei stavkyrkje frå 1200-talet.

Bygda ligg på nordsida av Eidevik og Sveen, vest for Bygstad gard. Bygda hadde tidlegare meieri og sagbruk for skurtømmer.

Ved Osen gard i botnen av Dalsfjorden låg det i vikingtida eit jarlesete. Det er knytt mange historier til denne garden, særleg i perioden då Halvdan Svarte og Olav den heilage var kongar. Det er gjort mange funn frå vikingtida på Osen gard. Desse er grave ut av Universitetsmuseet i Bergen.

Noregs eldste laksetrapp frå 1872 ligg i Osen, der Osfossen fell rett i Dalsfjorden.

Kart

Bygstad
Bygstad
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg