Bygdebladet var ei avis som kom ut i Naustdal i perioden frå 1925 til 1929.

Etablering

Den første utgåva av Bygdebladet kom 8. januar 1925 i Naustdal. Arne Sølvberg og Torleiv Reiakvam var dei første redaktørane. G.A. Hegrenes og A.J. Herstad følgde som redaktørar frå 1926, og etter den tid var det Oddgeir Fardal som hadde stillinga, frå 1927.

Drift

Tanken bak etableringa av avisa var å nå bygda sine eigne. Det må ha vore eit heller usikkert avisprosjekt, med tanke på at befolkninga i Naustdal talde i underkant av 2400 personar ved folketeljinga fem år tidlegare. Avisa hadde ved etableringa inga politisk tilknyting, og folkeopplysing var det viktigaste føremålet.

Berre eit år etter etableringa, i april 1926, gjekk Bygdebladet over til å verte partiavis for Bondepartiet, med undertittelen «Organ for bondelaga i Sunnfjord og bygdene ikring». Men lesarane kom ikkje, og forsøket vart ingen suksess. Bondeinteressene trekte seg, og vel eit år etter gjekk avisa attende til den same profilen som ved starten i 1925.

Avisa vart trykt ved «Folkeskulen» prenteverk i Naustdal og kom i byrjinga ut ein gong i veka. Frå 1927 kom avisa med to nummer i veka, men greidde snart ikkje å halde takta. Bygdebladet kom etter det ut med uregelrette mellomrom, fram til avisa gjekk inn, med den siste utgåva 14. mai 1929. Opplagstalet er ukjent.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
  • Høeg, T. A., red. (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket i Oslo

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg