Faktaboks

Burhan Sönmez
Uttale

b'urrhan s'ønnmæz

Fødd
1965, Ankara
Burhan Sönmez, 2017
Burhan Sönmez, 2017
Av /𝒲.
Lisens: CC BY SA 2.0

Burhan Sönmez er ein tyrkisk forfattar med kurdisk bakgrunn.

Han debuterte som romanforfattar i 2009, og slo igjennom med den andre romanen, Masumlar 'Uskuldige', som kom ut i 2011. Denne og fleire andre av bøkene og novellene hans har fått fleire prisar og er omsette til andre språk.

Sönmez er utdanna jurist, men har òg undervist i litteraturvitskap ved universitetet ODTÜ i Ankara. Han er aktiv i PEN International og har dei siste åra budd i England.

Bibliografi

  • Kuzey 'Nord', 2009
  • Masumlar 'Uskuldige', 2011
  • Bir Dersim Hikâyesi 'Ei forteljing frå Dersim', 2012
  • Bana Adını Söyle 'Sei meg kva du heiter', 2014
  • İstanbul, İstanbul 'Istanbul, Istanbul', 2015. Norsk oversettelse av Ingeborg Fossestøl kom ut i 2019.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg