Faktaboks

Bruno Latour
Fødd
22. mai 1947, Beaune, Frankrike
Død
9. oktober 2022, Paris, Frankrike
Bruno Latour
Bruno Latour mottok Holbergs internasjonale pris i Bergen 5. juni 2013. Her får Bruno Latour tildelt prisen av daværende kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Av /Scanpix.

Bruno Latour var ein fransk filosof og antropolog, ein pioner innanfor studium av kunnskap, teknologi og samfunn (Science and Technology Studies – STS). Han blei fyrst kjent gjennom etnografiske studium av korleis forskarar talar om arbeidet sitt, prosessen som leier til forskingsresultat og korleis desse vert publiserte. Dette arbeidet leia til skuldingar om sosialkonstruktivisme – ein term han sjølv kritiserer, av di han er knytt til ein falsk dikotomi mellom røynd og konstruksjon.

Latour var professor ved SciencesPo, Paris, frå 2006 til 2017 og tilsett som fyrstelektor ved Zentrum für Kunst und Medien og professor ved Staatliche Hochschule für Gestaltung, båe i Karlsruhe, frå 2018. Universitetet i Bergen tildelte han Holbergprisen i 2013 for arbeidet innanfor sosialvitskapane – særskilt i aktør-nettverksteorien (ANT), utvikla saman med Michel Callon (1945–) og John Law (1946–).

Aktør-nettverksteorien

For STS kan vitskapen sin sosiale dimensjon ikkje lausrivast frå forskarar sine sanningskrav. Det tyder ikkje at objektiv sanning ikkje eksisterer, men at fakta ikkje er henta ut av lause lufta. Fakta er alltid konstruerte, utan at det medfører at dei ikkje skildrar røynda. Dette krev at ein studerer vitskap i aksjon. Aktør-nettverksteorien målber denne tanken: det er ikkje ein streng teori eller metode, men ei tilnærming der ein ikkje tek ontologiske skiljelinjer for gjeve, men tek omsyn til korleis både sosiale og naturlege fenomen berre eksisterer i kraft av nettverk av relasjonar. Poenget er ikkje å så tvil ved røynda som uavhengig eksisterande eller ved eksistensen av fakta, men å påpeike korleis det vi reknar som røynleg, alltid er produsert.

Aktør-nettverksteorien fremjar soleis ei antropologisk forklaring av vitskap, men har implikasjonar utover vitskapsteori. Det er ei brei material-semiotisk tilnærming som kartlegg tilhøva mellom ting og omgrep samstundes. Menneskje, idear og teknologiar utgjer alltid nettverk av aktantar, som er eit omgrep henta frå Greimas sin semiotikk og omfattar alt som har ei særskild rolle i eit handlingsforlaup – alt frå til dømes enkeltmenneskje som nyttar teknologi (som jordmor-med-lytterør) til samfunnsmessige institusjonar. Aktantar oppstår gjennom konstitutive tilhøve mellom menneskje og ting – der identitet vert forma gjennom omskiftelege nettverksstrukturar.

Vi har aldri vore moderne

Aktør-nettverksteorien forklarer mellom anna korleis noko som fyrst vert diskutert og testa i vitskapelege kontekstar, etter kvart vert etablert som sanning. Dette er ein prosess som samstundes reinsar og stabiliserer objekt slik at dei vert tekne for gjeve. Soleis vert vitskapen bak fakta putta i ein svart boks, og ein sluttar å diskutere han.

I We Have Never Been Modern avdekka Latour ein indre motseiing ved modernitet: Offisielt er den prega av ei tydeleg avgrensing mellom natur og samfunn, der vitskap er kopla frå sosiale prosessar og vice versa. Samstundes produserer den blandingsprodukt som ikkje passar med klåre vitskaplege skiljelinjer. Denne spagaten – der behovet for reinsing skuldast at ein produserer fenomen som ikkje kan plasserast på subjekt- eller objektpolen – syner ein vedvarande kontradiksjon i moderniteten.

Vi har aldri vore moderne då vi aldri har makta å frigjere oss frå hybridane vi produserer, og som vi stadig forsøkjer å utradere. Latour nemnte klimadebatten som eit døme på korleis skiljet mellom natur og kultur ikkje vert oppretthalde i praksis. Manglande anerkjenning av dette undergrev kritikk av framandgjering, sidan frikoplinga av vitskap frå sosiale praksisar gjer at desse domena ikkje kan samanliknast. Eit døme er postmodernisme, som inneber at ein ikkje lenger kan skilje røynd frå simulasjon. Men postmodernisme er berre eit symptom på modernismen sin indre kontradiksjon, ikkje ein retteleg kritikk av dette paradigmet.

Relasjonisme

Gjennom interaksjon mellom menneskje og ting oppstår kjensler og medvit som relasjonelle fenomen. Latour ville med dette utover ‘Samfunnet’ som forklaringsgrunn og syne korleis all sosial organisering vert produsert gjennom interaksjon med ikkje-sosiale ting og prosessar. Latour tala om kvasi-objekt, hybridar mellom subjekt eller objekt, som omhandlar den konstante overføringa mellom aktantar. Gjennom stabile nettverksalliansar oppnår ein slike kvasi-objekt eller pollettar. Jo fleire kvasi-objekt, jo større er graden av tingleggjering av nettverket.

Dette er knytt til den ontologiske vendinga innanfor samfunnsvitskap, der ein ikkje tek for gjeve kva som er sosialt og kva som er naturleg på førehand, men ser desse kategoriane som resultat av forhandlingar mellom menneskje og objekt. Latour argumenterte for at relasjonar mellom ting og relasjonar mellom konsept ikkje er klårt åtskilde. Ulike aktantar er alltid samanblanda, noko som gjer at ein ikkje kan undersøkje det eine utan det andre, men må skildre tilhøvet dei imellom, og rekne skiljelinjer som resultat av interaksjon.

Han skilde difor mellom mellomledd og formidlarar: fyrstnemnde medverkar ikkje nokon særskild forandring i det som vert formidla, medan sistnemnde endrar informasjonen som vert overført. ANT avdekkjer at desse ofte vert forveksla, då ein ikkje tek høgde for dei komplekse nettverka som medverkar til produksjonen av ulike fenomen. Det er ikkje slik at noko konstruert er åtskild frå naturen, og at det ein reknar som ‘objektivt’ må vere fråkopla frå menneskeleg aktivitet – uavhengig av vår vitskaplege praksis. Det er korkje slik at vi kan konstruere ei verd uavhengig av den materielle røynda eller at denne røynda kontrollerer oss.

Antropocen og Gaia

Antropocen syner korleis menneskeleg aktivitet i aukande grad ikkje kan koplast frå naturlege prosessar. Omgrepet syner til ein ny geologisk epoke der mennesket sin aktivitet ikkje berre endrar lokal økologi, men påverkar jorda sin geologiske struktur som heilskap. Soleis er det eit vitnesbyrd på korleis politikk ikkje kan avgrensast til samfunnet åleine, og at vitskaplege forklaringar ikkje er mogleg å rekne som strengt objektive, då våre handlingar er integrert i fenomena vi skildrar.

Ifylgje Latour markerer Antropocen eit nytt klimatisk regime som krev at vi tenkjer nytt om kva vi meiner med ‘Natur’. Latour tilrår termen ‘Gaia’, henta frå James Lovelock, som refererer til eit komplekst sjølvorganiserande system. Dette tyder at Gaia ikkje er eit tregt objekt eller ein naturleg balanse, men eit produkt av vår aktivitet. Eit døme er biosfæren: den gjorde liv mogleg gjennom interaksjon mellom fotosyntetiske bakteriar og atmosfæren, noko som syner ko-evolusjon mellom organismar og deira miljø. Ei konkretisering av dette perspektivet finn vi i Latour sitt engasjement med forsking på den kritiske sona, som er der liv er mogleg på jorda, frå nedre del av atmosfæren til grunnvatnet under jordskorpa.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Harman, G. (2007) ‘The Importance of Bruno Latour for Philosophy’, Cultural Studies Review, 13(1), pp. 31–49. doi: 10.5130/csr.v13i1.2153.

Utgjevingar – utval

  • Latour, B. (1993) We Have Never Been Modern. Harvard University Press.
  • Latour, B. (1999) Pandora’s hope: Essays on the Reality of Science Studies. Harvard University Press.
  • Latour, B. (2007) Reassembling the Social: An Introduction to Actor-Network-Theory. Oxford University Press.
  • Latour, B. (2017) Facing Gaia: Eight Lectures in the New Climatic Regime. Polity Press.
  • Latour, B. (2018) Down to Earth: Politics in the New Climatic Regime. Polity Press.
  • Latour, B. and Woolgar, S. (1986) Laboratory Life: The Construction of Scientific Facts. Princeton University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg