Britt-Synnøve Johansen

Faktaboks

Britt-Synnøve Johansen
Født
23. juni 1970, Haugesund, Rogaland
Britt-Synnøve Johansen framfører vinnarmelodien "Venners nærhet" i den norske Grand Prix-finalen i 1989.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Britt-Synnøve Johansen er songar, musikal- og kabaretartist som syng på karmøydialekt med karakteristisk skarre‑r. I 1989 vann ho den norske finalen i Melodi Grand Prix med songen «Venners nærhet».

Bakgrunn

Britt-Synnøve Johansen er fødd i Haugesund i Rogaland og er oppvaksen på Karmøy i Rogaland. Ho gjekk på Skeisvang videregående skole i Haugesund (1986–1989) og Toneheim folkehøgskole (1989–1990).

Musikk- og scenekarrieren

Sidan 1989 har Johansen vore utøvande artist og har arbeidd med ulike musikksjangrar, mellom anna jazz, musikal, vise og tango. Debutplata var Mot himmelen i Paris – Piaf på norsk (2002). Johansen hadde sett om tekstane til karmøydialekt og turnerte med kabaretar basert på Édith Piaf sine songar (2001–2004). I 2010 gav ho ut Skyt meg med tre roser. Tango på norsk. Saman med Espen Hana har ho laga kabaretane Plask (2005) og Bris (2006). Ho har vore vokalist på plater av Vamp, Bjørn Berge og Ole Paus.

Johansen har hatt viktige roller i mange oppsetningar, mellom anna i Cornelis Vreeswijk-oppsetjinga Ballader och Grimascher i Bergen (Turboteatret 2003), Les Miserables i Moster Amfi (2003–2004) og i Sandnes Kulturhus i samarbeid med Festiviteten (2014), West Side Story (2005) og Carmen ved Rogaland teater (2005 og 2013), Vampoppsetjinga Hallo – Adjø (2007) ved Haugesund teater og Oliver! på Sandnes kulturhus (2009). Johansen hadde hovudrolla i den fjernsynssende oppsetjinga Byterminalen (2008) i programmet We'll meet again. I 2013 hadde hadde Johansen rolla som Grace Farrell i musikalane Annie.

Utmerkingar

Johansen vann den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1989. I 2007 kåra lyttarane i NRK Rogaland røysta hennar til den vakraste i fylket. Ho vart nominert til Spellemannprisen for barneplata "Skakke Sanger" i 2015.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg