Britt er eit kvinnenamn som er samantrekt form av Birgitte som kjem av det latiniserte Brigida med opphav i det keltiske Brigit laga til ordet *[briganti] som tyder ‘den opphøgde’.

Namnet har fleire variantar: Brit, Brith, Britt.

Namnedag er 23. juli. Brit og Brita har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Britt

Eit utval personar med namnet Britt, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 621 kvinner i Noreg som hadde Britt som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Britt var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Brit og Britt slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. Dette gjeld også Britt laga på nordisk grunn av det innlånte Birgitte. Britt kjem dermed på linje med nordiske namn som Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Liv, Siv og Unn. Dei fleste var på topp innanfor perioden 1935–1974. Brit og Britt nådde toppen omtrent samtidig – Brit i 1940-åra og Britt i perioden 1945–1954. Britt er brukt litt meir enn Brit.

Utvikling i bruk av namnet Britt frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Britt frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Britt på 1800-talet.

Britt var – til liks med Brit – klart mest brukt i Møre og Romsdal .

Geografisk variasjon i bruk av namnet Britt på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Britt var – til liks med Brit – klart mest brukt i Møre og Romsdal (Nordmøre). (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Brith.)

Historisk bruk av namnet Britt
Historisk bruk av namnet Britt
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg