Britanna

Artikkelstart

Britanna er eit kvinnenamn som er kjent frå 1800-talet. Det kunne tolkast som ei samanskriving av dobbeltnamnet Brit Anna, men dette dobbeltnamnet var svært sjeldsynt på 1800-talet. Likevel er det grunn til å tru at det opphavleg har vore kvinnenamnet Anna som har lege til grunn for Britanna, men -anna har då nærmast fått suffiksstatus – på same måte som Oleanna av Ole der -anna kan oppfattast som suffiks på linje med -ine i til dømes Oline av Ole.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Britanna som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg