Brit

Artikkelstart

Brit er eit kvinnenamn som er samantrekt form av Birgitte som kjem av det latiniserte Brigida med opphav i det keltiske Brigit laga til ordet *[briganti] som tyder ‘den opphøgde’.

Mens Britt blir uttalt med kort vokal, kan Brit ha både kort og lang vokal. Det vanlegaste er nok at Brit – til liks med Britt – blir uttalt med kort vokal.

Namnet har fleire variantar: Brith, Britt, Brit.

Namnedag er 23. juli. Brita og Britt har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Brit

Eit utval personar med namnet Brit, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 7500 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Brit som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg