Bremanger

Faktaboks

Landareal
786 km²
Innbyggertall
3521 (2022)
Administrasjonssenter
Svelgen
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggernavn
bremangar
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4648 (frå 01.01.2020, tidlegare 1438)
Høyeste fjell
Gjegnet, Blånibba (1670 moh.)

Kommunevåpen

Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Hornelen

Parti frå Rugsund mot Hornelen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Svelgen
Svelgen.
Svelgen kapell
Svelgen kapell.
Nordfjorden ved Tregde

Nordfjorden.

Artikkelstart

Bremanger er ein kommune i Vestland fylke, på sørsida av munningen av Nordfjord.

Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1965, då tidlegare Davik kommune sine område sør for Nordfjord, inkludert Rugsundøy og ein del av Bremangerlandet, blei innlemma. Eit par gardar i sør hadde året før blitt gitt til Flora kommune. Bremanger valde å stå åleine i samband med regjeringa Solbergs kommunereform. Bremanger deler dermed den nye storkommunen Kinn i to delar.

Natur

Bremanger omfattar tre store øyar: Bremangerlandet (153 km2), Rugsundøy (10,7 km2) og Frøya (17,5 km2). Fastlandsdelen av kommunen strekkjer seg sørover langs kysten til Husefest nord for munningen av Norddalsfjorden og austover langs Nordfjord litt forbi Yksneelvane. Bremanger omfattar det aller meste av Ålfotbreen og fjella omkring.

Langs sørsida av Nordfjord består berggrunnen av gneis som tilhøyrer Gneisregionen. Denne berggrunnen finst også på Rugsundøy og nordre del av Bremangerlandet. Rundt Bremangerpollen på Bremangerlandet, og dessutan på Frøya, finst det kambrosiluriske sedimentsbergartar (dels konglomerat) over gneisen. Sør på Bremangerlandet finst det magmatiske bergartar som har trengd gjennom desse sedimenta mot slutten av silurtida. Dei høgastliggjande områda i kommunen består av mektige devonske avsetningar av sandstein og konglomerat: Blånibba på 1670 meter over havet og Hornelen 860 meter over havet på Bremangerlandet. Desse bergartane tilhøyrer devonfelta på Vestlandet.

Dei mange breane i relativt låg høgd i Bremanger har samanheng med dei store nedbørsmengdene i området. Ålfotbreen ragar 1385 meter over havet. Det milde, fuktige klimaet gir vilkår for ein rik vegetasjon i lågare strok. Dei harde, devonske bergartane i dei høgareliggjande stroka gir likevel berre eit tynt og karrig jordlag, og landskapet har fleire stader eit goldt preg.

Busetjinga

Busetjinga er forholdsvis jamt fordelt i kommunen, med ein konsentrasjon i området rundt fjorden Gulen, der tettstaden og administrasjonssenteret Svelgen ligg inst i Nordgulen. Om lag 40 prosent av innbyggjarane bur i dei ytre delane av kommunen, på Bremangerlandet og Frøya. På Bremangerlandet åleine bur det 1200 innbyggjarar. På Frøya ligg tettstaden Kalvåg, og på Bremangerlandet ligg Bremanger. Kommunen har minkande folketal, og det er forventa nedgang i folketalet fram til 2050.

Næringsliv

Industrien er den viktigaste næringsvegen i kommunen, med Elkem Bremanger i Svelgen som den dominerande bedrifta. Smelteverket produserer silisiummetall for eksport. Elles finst næringsmiddel- (fiskeforedling) og trevareindustri av eit visst omfang.

Jordbruket betyr mest langs Nordfjord. Husdyrhald (storfe, sau) dominerer heilt. Bremanger er ein viktig fiskerikommune, både når det gjeld omsetning og foredling.

Bremanger er ein stor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1461 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 13 kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 95 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Åskåra 1 kraftverk (i drift frå 1970), Svelgen IV kraftverk (1973), Åskåra 2 kraftverk (1973), Svelgen II kraftverk (1958) og Øksenelvane kraftverk (1953).

Nedbøren saman med høgdeskilnadene har skapt grunnlag for ein stor kraftproduksjon. Alle dei større vassdraga er nesten fullt utbygde. Det gjeld Indrehus- og Svelgenvassdraget, begge med utløp i Gulen (høvesvis Midtgulen og Nordgulen), og Åskorelva og Yksneelvvassdraget med utløp i Ålfotfjorden, ein arm av Nordfjord. Berre Yksneelvvassdraget kan byggjast ut ytterlegare. Ein vesentleg del av kraftproduksjonen går til smelteverket i Svelgen.

Samferdsel

Fylkesveg 614 går frå Grov i Flora på riksveg 5, gjennom Magnhildskaret (2,9 kilometer lang tunnel) til Svelgen og vidare til Ålfoten og Isane med ferje over Nordfjord til riksveg 15. Fylkesveg 616 går vidare frå Isane over Rugsund til Bremangerlandet og Frøya, med bilferjesamband frå Oldeide til Måløy i nord. Fastlandssambandet mellom Rugsundøy og Bremangerlandet opna i 2002. Frå Smørhamn på Bremangerlandet er det snøggbåtsamband til Florø og Måløy.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bremanger høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordfjordrådet saman med Gloppen, Kinn, Stad og Stryn.

Bremanger kommune svarer til dei sju sokna Berle, Bremanger, Davik, Frøya, Midtgulen, Rugsund og Ålfoten i Nordfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bremanger til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bremanger

For statistiske føremål er Bremanger kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 25 grunnkrinsar:

  • Indre Bremanger: Rugsundøy – Rugsund, Leirgulen – Bortne, Hennøystranda, Ytre – Davik – Endal, Indre – Davik – Dombestein, Isane, Ålfoten, Villabakken, Sande, Svelgen sentrum, Langeneset – Birkelid, Nesbø – Dyrstad, Sørgulen – Midtgulen, Botnane, Åskora – Yksnelvane
  • Ytre Bremanger: Grotle, Hauge, Dalen, Hunskår – Oldeide, Berle, Førde, Ryland, Novelandet, Kalvåg, Frøyalandet

Historikk og kultur

Bremanger

Bremanger. Helleristningsfelt ved Vingen, eit av dei største i Europa, med omkring 2000 figurar, for ein stor del hjort. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Bremanger kyrkje
Bremanger kyrkje med kyrkjegard.
Av .
Ålfoten kirke
Ålfoten kirke.

På garden Vingen ved Frøysjøen ligg eit av Nord-Europas største helleristningsfelt med over 2000 figurar. På begge sider av Skatestraumen er det registrert 150 buplassar frå sein steinalder og tidleg bronsealder. Funna viser at det blei drive jordbruk, fangst og februk.

Ved Bremanger kyrkje står det ein minnestein over falne frå krigen og eit fiskarmonument laga av Ståle Kyllingstad. Ålfoten kyrkje frå 1678 står på tomta til ei eldre kyrkje som først er nemnd i 1348.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) er firedelt i blått og sølv med kvervelsnitt. Motivet viser til Bremangers tilknyting til havet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aaland, Jacob: Davik, 1939 (Nordfjord fraa gamle dagar til no, del 2: Dei einskilde bygder, bind 4).
  • Fett, Per: Bremanger prestegjeld, 1958 (Førhistoriske minne i Fjordane, 7).
  • Frøyen, Knut med fleire, red.: Bremanger herad 1866–1966, 1966.
  • Joleik, Albert Abramson: Bremanger bygdebok, bind 1: Soga fram til 1801, 1969.
  • Svihus, Årstein: Bremanger bygdebok, [2006], fire bind.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg