Industrien er den viktigaste næringsvegen i kommunen, med Elkem Bremanger i Svelgen som den dominerande bedrifta. Smelteverket produserer silisiummetall for eksport. Elles finst næringsmiddel- (fiskeforedling) og trevareindustri av eit visst omfang.
Jordbruket betyr mest langs Nordfjorden. Husdyrhald (storfe, sau) dominerer heilt. Bremanger er ein viktig fiskerikommune, både når det gjeld omsetning og foredling.
Bremanger er ein stor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1461 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 13 kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 95 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Åskåra 1 kraftverk (i drift frå 1970), Svelgen IV kraftverk (1973), Åskåra 2 kraftverk (1973), Svelgen II kraftverk (1958) og Øksenelvane kraftverk (1953).
Hennøy vindpark omfattar 12 turbinar med total effekt på 50 MW.
Nedbøren saman med høgdeskilnadene har skapt grunnlag for ein stor kraftproduksjon. Alle dei større vassdraga er nesten fullt utbygde. Det gjeld Indrehus- og Svelgenvassdraget, begge med utløp i Gulen (høvesvis Midtgulen og Nordgulen), og Åskorelva og Yksneelvvassdraget med utløp i Ålfotfjorden, ein arm av Nordfjorden. Berre Yksneelvvassdraget kan byggjast ut ytterlegare. Ein vesentleg del av kraftproduksjonen går til smelteverket i Svelgen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.