Faktaboks

Innbyggjartal
1965 (SSB, 2023)
Landareal
2 km²
Tettstadsnummer
1711 Fagernes
Fagernes

Fagernes i Valdres sett fra vest, med Strondafjorden til høyre. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Fagernes er ein tettstad i Nord-Aurdal kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2 km², og har 1965 innbyggjarar (2023).

Fagernes er administrasjonssenter i Nord-Aurdal kommune, og er eit regionsenter for Valdres. Fagernes ligg ved Neselva, der vassdrag frå Øystre Slidre renn ut i Veslefjorden og vidare ut i Strondafjorden. Fagernes fekk bystatus i 2007.

Samferdsle

Fagernes er eit godt utbygd kommunikasjonssenter. Det er bussamband gjennom Vestre Slidre til Lærdal og Årdal, gjennom Øystre Slidre og over Valdresflye til Otta, over Tonsåsen til Dokka og Gjøvik/Lillehammer, gjennom Sør-Aurdal til Hønefoss og Oslo samt over fjellet i sør til Gol.

Fagernes lufthavn, Leirin, vart lagt ned i 2018. Fagernes var endestasjon på Valdresbanen.

Kultur

Fagernes har stor turisttrafikk og er eit viktig handels- og administrasjonssenter for alle bygdene i Valdres. På Fagernes ligg Valdres vidaregåande skule og Valdres folkehøgskule; staden har òg desentralisert høgskuletilbod for lærarutdanning. Avisa Valdres blir gjeve ut på Fagernes.

Valdres Folkemuseum på Storøya i Strondafjorden har fine samlingar av tekstiler, sølv, folkemusikkinstrument og jaktvåpen, dessutan geitestøl og høgfjellsmuseum. Norsk institutt for bunad og folkedrakt er ein del av Valdresmusea. Her er Jørn Hilme-stemnet blitt arrangert kvart år sidan 1960, og er såleis den eldste folkemusikkfestivalen i landet. Valdres Sommersymfoni og Norsk Rakfiskfestival blir òg arrangert på Fagernes.

Kart

Fagernes
Fagernes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg