Brage Høyem

Faktaboks

Brage Høyem
Født
26. september 1874, Trondheim, Trøndelag
Død
11. oktober 1960, Lillehammer, Innlandet

Artikkelstart

Brage Høyem var lærar og prest. Han var oppteken av utdanning og norskdomsarbeid, og han gjorde ein stor innsats for opprettinga av landsgymnaset i Orkdal.

Brage Høyem var fødd i Trondheim. Som son av landsmålspioneren Olav J. Høyem vart han tidleg ført inn i målsaka. I prestetenesta veksla han mellom bokmål og nynorsk.

Etter teologisk embetseksamen i 1898 underviste Høyem eit halvår ved Det norske diakonhjem, samstundes som han tok praktikum. I tre år frå sommaren 1899 var han lærar ved privatseminaret og mellomskulen i Volda. I studietida tok Høyem eksamen også i samisk, og frå 1902 var han sokneprest i Kautokeino, frå 1907 i Ørsta, frå 1915 på Tingvoll, frå 1922 i Orkdal og frå 1933 på Lillehammer, til han gjekk av med pensjon sommaren 1946. Av og til brukte han nynorsk i tenesta.

I tillegg til prestegjerninga var Høyem lærar ved folkehøgskulane både i Ørsta, Tingvoll og Orkdal. På den siste staden var han også styreformann og religionslærar ved landsgymnaset, som han var med og fekk i gang frå hausten 1923.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg