Faktaboks

Borussia Mönchengladbach
Uttale
borˈussia mönchengladbach

Borussia Mönchengladbach er ein tysk idrettsklubb som er mest kjend for fotballavdelinga si. Borussia Mönchengladbach spiller i Bundesliga i sesongen 2021/2022. Klubben vart skipa i 1900.

Klubben sin stadion heter Borussia-Park og har ein kapasitet på 54 000 tilskodarar. Drakt: Kvit trøye og bukse.

Borussia Mönchengladbach hadde si stordomstid på 1970-tallet med fem ligatitlar og to triumfar i UEFA-cupen.

Hennes Weisweiler, som trena laget frå 1964 til 1975, har kultstatus som trenar både i Mönchengladbach og i Tyskland. Etter at han var i Barcelona, fekk han tilnamnet Don Hennes. Det fortel ein god del om statusen hans i Mönchengladbach at klubben si adresse er Hennes Weisweiler Allee 1, 41179 Mönchengladbach.

I Weisweiler si trenartid hadde ikkje klubben økonomi til å kjøpe dyre og etablerte stjernespelarar. Difor henta han inn mange unggutar, som som under Weisweiler utvikla seg til å bli toppspelarar. Det ungdommelege preget og den offensive angrepsfotballen som kjenneteikna laget, gav klubben tilnamnet die Fohlen (ungfolane).

Eit anna kjenneteikn ved klubben i glanstida var stabilitet og kontinuitet. Dei første 20 åra i Bundesliga hadde laget berre tre trenarar. Weisweiler, Udo Lattek og Jupp Heynckes, alle tre internasjonale trenarkapasitetar. Dei siste åra er det mangel på kontinuitet som har prega drifta av klubben. Det har vore mange og hyppige trenarbyte, og mislukka spelarkjøp. Difor har også resultata vore variable.

Berti Vogts var heile karrieren frå 1965 til 1979 trufast mot klubben, og han er den med flest spelte seriekampar, 419 i alt. Jupp Heynckes er toppscorar gjennom tidene med 195 mål på 283 bundesligakampar. Det er eit gjennomsnitt på 0,7 mål per kamp, og det er imponerande.

Den meste legendariske og karismatiske spelaren i klubben si historie er nok likevel Günter Netzer (fødd 1944). Trass i at han spelte berre 37 landskampar, har han eit ettermæle på høgd med sjølvaste «Kaiser» Franz Beckenbauer. Netzer var den suverene midtbanedirigenten (Spielmacher) på Tyskland sitt beste og mest velspelande landslag gjennom tidene, europameistrane frå 1972, laget som utklassa Sovjetunionen med 3-0 i finalen. På sitt beste var mannen med den blonde og flagrande hårmanken ein kunstnar på bana.

Sjølv om Borussia dei siste åra ikkje har greidd å leve opp til stordomstida, har klubben alltid hatt evne til å få fram nye toppspelarar. To unggutar som har slått gjennom, er målmannen Marc-André ter Stegen (fødd 1992) og den offensive midtbanespelaren Marco Reus (fødd 1989).

Nordmennene Hassan El-Fakiri, Kai-Erik Herlovsen, Håvard Nordtveit, Morten Pedersen, Kjetil Rekdal, Gøran Sørloth og Erik Thorstvedt har også spelt for klubben.

Merittar

Internasjonalt

  • UEFA-cupen: 1974–75, 1978–79

Nasjonalt

  • Bundesliga: 1969–70, 1970–71, 1974–75, 1975–76, 1976–77
  • DFB-Pokal: 1959–60, 1972–73, 1994–95

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg