Borghild Tenden

Faktaboks

Borghild Tenden
Født
23. juni 1951, Stryn, Vestland
Stortinget.

Artikkelstart

Borghild Tenden er lærar, rådgivar og tidlegare stortingsrepresentant for Venstre frå Akershus.

Bakgrunn

Borghild Tenden er fødd i Stryn i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho tok vidaregåande skule i 1967–1970, mellomfag ved Noregs idrettshøgskule i 1971–1973, mellomfag i pedagogikk i 1973–1975 og i sosiologi i 1976–1977 ved Universitetet i Oslo. Ho tok 1. avdeling juss i 1987 og hovudfag i sosiologi i 1993–2000 same staden. Ho tok òg sjefskurs ved Forsvarets høgskole i 2010. Tenden arbeidde som lærar ved Valler videregående skole i 1978–1993, og har sidan 2015 vore studiekoordinator og høgskulelektor ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Politisk karriere

Tenden har vore styremedlem (1994–1998) og leiar (1998–2001) i Bærum Venstre, samt styremedlem (1994–2003) og nestleiar (1994–1996) i styret for Akershus Venstre. Ho har vore vararepresentant (1999–2007) og fast representant (2007–2011) for Venstre i Bærum kommunestyre. Ho var medlem av Akershus fylkesting i 2003–2007 og sat i fylkesutvalet i Akershus i 2005–2007.

Tenden var rådgivar i stortingsgruppa til Venstre i 1993–1996 og rådgivar i Stortingets informasjonsseksjon i 1996–2005. Ho var vararepresentant til Stortinget for Venstre frå Akershus i 1997–2001 og stortingsrepresentant frå 2005 til 2013. Ho var nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen frå 2005 til 2009 og medlem av finanskomiteen i 2009-2013. Politisk arbeidde Tenden for miljø, kollektivtrafikk, jernbane og mot fattigdom.

Andre verv

Ho har vore nestleiar i hovudutvalet for utdanning i Akershus (1995–1999), leiar av klagenemnda for utdanning i Akershus (1995–1999), medlem av styret for Statens nærings- og distriktsutviklingsfond i Oslo og Akershus (1995–1999) og medlem av kontrollutvalet i Bærum (1999–2003). Tenden var medlem av styret for Vestfjorden Avløpselskap (VEAS) i 2003–2007 og var sentralstyremedlem i Europabevegelsen frå 2011.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg