Bonden

Artikkelstart

Bonden var ei lita og særprega målavis som kom ut først på Gjøvik i 1909–11, så på Lillehammer i 1911–21.

Historie

Vekeavisa Bonden vart sett i gang på Gjøvik i 1909, med Halfdan Asphaug som redaktør. Austmannalaget var ikkje mellom innskytarane i det frittståande aksjeselskapet som stod bak bladet, men løyvde pengar til det alt frå første året. I 1911 flytta bladet til Lillehammer. Stefan Frich, aktiv i Austmannalaget og tidlegare friskulelærar, tok over som redaktør.

Frich styrte bladet til det gjekk inn, og det var klart prega av Frich sine meiningar. Bonden var ikkje talerør for målrørsla, men målfolk på indre Austlandet såg på det som sitt blad og støtta det med pengar og tingarsanking. Etter kvart vart det også meir eit organ for Austmannalaget.

Bonden sleit med dårleg økonomi, sjølv om Frich gjorde ein oppofrande innsats. Etter at ungdomslags- og målbladet Breidablik i Østerdalen gjekk inn i 1920, kom ideen om at ungdomslaga og mållaga i området skulle samle seg om eit felles blad.

På eit møte 18. desember 1921 mellom Austmannalaget og ungdomslaga i Hamar bispedøme vart det avgjort å slå saman Breidablik og Bonden til éi avis, som fekk namnet Austland. Det første nummeret av Austland kom i februar 1922.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Almenningen, O. (1984): Målstrev og målvokster 1905–1913. Oslo: O. Almenningen
  • Haraldseid, J. (1924): «Austmannalaget i 25 år», i Austmannalaget i 25 år. Hamar: Austmannalaget
  • Skogstad, O. (1959): «Austmannalaget gjennom to mannsaldrar», i Vårt norske morsmål. Austmannalaget 1899–1959. Elverum: Opplandske målkontor

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg