Forside av Bondebladet

Førsteutgaven av Bondebladet 4. mars 1914.

Forside av Bondebladet
Nasjonalbilioteket .
Johannes Lavik
Johannes Lavik (1856–1929) ruvar i målsoga. Han starta Gula Tidend i 1904, men hadde innan då sett spor etter seg i Fedraheimen, Firda- og Sygnafylkets Avis og Bergens Tidende. Med skipinga av Gula Tidend tok han fatt i miksen målsak/bonderørsle. Sjølv var han av bondeætt, men tok utdanning og reiste til Amerika. Etter femten år gjekk han frå bladstyrarposten i Gula Tidend. Kort etter kom han til Bondebladet på Voss. Han var med og lyfta bladet til dagblad og flytte det til Bergen, som organ for det nyskipa Bondepartiet. Han slutta i 1928 og tok opp arbeidet med å vinne større samhald mellom nasjonane i Norden. Engasjementet førte til at Johannes Lavik skaffa seg mange nye vener på Island og Færøyane. Han døydde året etter at han skipa tidsskriftet Norrøna.
Johannes Lavik
Bergens Tidende.

Bondebladet var ei avis som kom ut på Voss mellom 1914 og 1935. Avisa var talerøyr for bonderørsla på Voss og bygdene omkring, før ho i 1922 vart flytta til Bergen som partiavis for det nyskipa Bondepartiet.

Historie

Etter at Bondebladet vart etablert på Voss i 1914, tok avisa over forlagsretten til den bergenske avisa Vestlandsbonden. Knut Lydvo var bladstyrar fram til 1918, då Olav Bjørgum tok over. Det var ei politisk vekeavis der jordbruket, bøndene og bygdekulturen var sentrale tema. Samstundes erklærte avisa i første utgåva at ho kjempa for målsaka.

Bondebladet konkurrerte med avisa Hordaland om posisjonen som lokalavis på Voss og hadde i dei første åra gode vilkår. Allereie i 1919 vart avisa utvida til tre utgåver i veka, og i 1920 var opplaget 2300. Til samanlikning hadde avisa Hordaland same året eit opplag på 2500.

Partiavis for Bondepartiet

I 1921 vart Bondebladet partiavis for Bondepartiet, som var skipa året før, og fekk undertittelen «Organ for Noregs Bondelag i Hordaland, Sogn og Fjordane». I 1922 vart avisa flytta til Bergen, som eit forsøk på å utvide og auke lesarskaren. Redaktør i avisa mellom 1921 og 1928 var målmannen Johannes Lavik, som spela ei sentral rolle i avisa si nyorientering. Frå 1932 hadde avisa ei laurdagsutgåve i laussal, med namnet Vestlendingen.

Fallande økonomiske konjunkturar skapte dårlege vilkår for avisa i midten av 1920-åra. I 1932 hadde opplaget gått ned til 2000. På same tid hadde avisa vanskar med å endre struktur frå lokalavis til ei større partiavis, og vart difor nedlagd.

Opplag

År Opplag
1920 2300
1932 2000

Fakta

  • Bondebladet: fyrste nummer 4. mars 1914
  • Siste nummer: 6. desember 1935

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Flo, Idar (red.) (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bind 4. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Rune Ottosen (red.) (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Presse, parti og publikum 1880–1945, bind 2. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Universitetsbiblioteket i Oslo (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg