Bokmålsordboka

Bokmålsordboka, 2005
Bokmålsordboka, 2005
Av .
Bokmålsordboka på nett
Både Nynorskordboka og Bokmålsordboka har sidan 1995 vore tilgjengelege gratis som nettordbøker. Dei digitale ordbøkene er mellom dei mest brukte offentlege oppslagsverka i Noreg.
Bokmålsordboka på nett
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Bokmålsordboka er ei definisjons- og rettskrivingsordbok for bokmål som blir gjeve ut av Universitetet i Bergen og Språkrådet.

Første utgåva av ordboka kom i 1986. Ordboka vart utarbeidd ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. Universitetet i Bergen tok over ansvaret for å drifte Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett i juni 2016, etter at Universitetet i Oslo i 2014 varsla at dei ville leggje ned språksamlingane. Dei digitale ordbøkene er mellom dei mest brukte offentlege oppslagsverka i Noreg.

Utgåver

Første utgåve

Arbeidet med ordboka tok til i 1974, etter at Norsk språkråd året før vedtok å utarbeide handordbøker for bokmål og nynorsk i samarbeid med Norsk leksikografisk institutt. Ordbøkene viser offisiell rettskriving og bøying, har opplysningar om uttale, ordhistorie, definisjonar, faste uttrykk og døme på bruk. Stilistiske markeringar er brukte berre i liten mon.

Kvar ordbok hadde sin redaksjon, men redaksjonane følgde dei same redigeringsreglane og bygde på manuskripta til kvarandre undervegs. Bøkene fekk likevel noko ulikt omfang. Bokmålsordboka har noko over 65 000 oppslagsord, Nynorskordboka drygt 90 000. Nynorskordboka er større fordi ho har med målføreord som er kjende i minst tre fylke og har også fleire samansetningar enn Bokmålsordboka.

Bokmålsordboka er den første ordboka for bokmål. For riksmål fanst frå før Riksmålsordboken (1977), med om lag 52 000 oppslagsord.

Seinare utgåver

Norsk språkråd gjorde lenge årvisse mindre endringar i rettskrivinga, og nye ord vart normerte etter kvart som dei kom inn i norsk. Systemendringar og forandringar av skrivemåten eller bøyinga av ord som var normerte frå før, måtte godkjennast av departementet. Ordbøker og ordlister måtte oppdaterast hyppig for å vere à jour.

Nye utgåver av Bokmålsordboka kom i 1993, 2004 og 2005. I den andre utgåva, frå 1993, vart det teke inn ein del nyord og andre ord som ikkje var med i 1986-utgåva. Nokre nye ordtydingar kom med, og det vart lagt inn fleire bruksdøme. I tredje utgåva frå 2004 kom det med ei mengd ord som heng saman med samfunnsutviklinga dei siste tiåra.

Den tredje utgåva fekk eit kort liv, for frå 1. juli 2005 fastsette Kultur- og kyrkjedepartementet etter ein lengre prosess rettskrivingsendringar i bokmål. Det var den mest omfattande reforma sidan 1981. Skiljet mellom hovudformer og sideformer fall bort, ein del lite brukte former vart tekne ut av rettskrivinga, og nokre mykje brukte tradisjonelle former kom inn. Utgåva frå 2005 vart ajourført med desse rettskrivingsendringane.

Dei to første utgåvene av Bokmålsordboka vart redigerte av Marit Ingebjørg Landrø og Boye Wangensteen og vart gitt ut på Universitetsforlaget. Dei to neste vart redigerte av Boye Wangensteen og vart gitt ut på Kunnskapsforlaget.

Nettordboka

Både Nynorskordboka og Bokmålsordboka har sidan 1995 vore tilgjengelege gratis som nettordbøker. Nettutgåvene vart laga av Dokumentasjonsprosjektet, eit samarbeidstiltak (1989–1997) mellom dei humanistiske miljøa ved universiteta. Prosjektet digitaliserte mange av universiteta sine samlingar over språk og kultur i Noreg.

Universitetet i Bergen tok over ansvaret for å drifte Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett i juni 2016, etter at Universitetet i Oslo i 2014 varsla at dei ville leggje ned språksamlingane.

Les meir i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

  • Bokmålsordboka (1986–2005)
  • Anne Engø: «Bokmålsordboka og Nynorskordboka på Internett», Ord om ord, nr. 5/1999
  • Marit Hovdenak: «Arbeidet med ordbøker i Språkrådet», Språknytt nr. 2/1997
  • Oddvar Nes: [Bokmålsordboka og Nynorskordboka], Maal og minne 1987
  • Boye Wangensteen: «Ny utgave av Bokmålsordboka». Ord om ord nr. 5/1999
  • Årsmeldingar frå Norsk språkråd og Språkrådet

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg