Bjug er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Bjúlfr av eit eldre *By-ulfr som er ei så gammal form at den ikkje finst i skriftlege kjelder. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gard’ og etterleddet ‘ulv’. Forleddet kan også tyde ‘bie’.

Bjug er eit tradisjonelt namn i Setesdal.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Bjug som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg