Bjarne Herrefoss

Faktaboks

Bjarne Herrefoss
Født
15. februar 1931, Brekke i Seljord, Vestfold og Telemark
Død
15. mai 2002

Artikkelstart

Bjarne Herrefoss var ein spelemann frå Telemark. Han var publikumsfavoritt på kappleikar med ei uslåeleg evne til å trollbinde.

Bakgrunn

Bjarne Herrefoss var fødd på Brekke i Seljord i Telemark (no Vestfold og Telemark). Etter folkeskulen arbeidde han i periodar som skogs-, anleggs- og industriarbeidar. I tillegg til å vere spelemann måla han bilete og skreiv dikt. Lite av det han skreiv er publisert, men smakebitar finst i Olav Bøe sin biografi om Herrefoss. Herrefoss kom i lære hos Torkjell Haugerud i 13–14-årsalderen.

Den tradisjonsfrie spelemannen

Herrefoss var ein populær og karismatisk kappleikdeltakar. Han hadde ein trufast tilhengjarskare, ikkje berre takka vere framføringane hans under tevlingane, men òg dei mange spontankonsertane han kunne stelle i stand utanfor lokalet. Samstundes har spelet hans i periodar vore omdiskutert, og mange har meint at han ikkje følgde tradisjonslinene i tydeleg nok grad. Han har alltid stilt seg fritt til sjølve slåttestoffet, som han i få tilfelle lærte seg tone for tone, men heller omforma etter eige ønske. «Eg lærer spel, ikkje slåttar» var ei karakteristisk utsegn frå Herrefoss.

Repertoar og spelestil

Han spela jamvel same slåtten sjeldan heilt likt, og han hadde ei godt utvikla evne til å improvisere. Repertoar plukka han fritt frå ulike telemarkstradisjonar, men han hevda å setje slåttar etter Håvard Gibøen og Lars Fykerud særleg høgt. Stoff etter Myllarguten fann han mindre appellerande. Sentrale slåttar i repertoaret hans var «Fjellrosa», «Håvard Gibøens draum» og «Skuldalsbrura». Han komponerte eit fåtals slåttar sjølv.

Herrefoss spela med uvanleg slakk boge, noko som kombinert med ei særeigen bogeføring med lange oppstrøk skapte ein spesiell tonekvalitet i spelet hans. I tillegg hadde han ein framifrå venstrehandsteknikk, der han kunne laga trillar med peikefingeren og veslefingeren parallelt, og dette gjorde det mogleg for han å prege stoffet sitt med ein uvanleg raffinert ornamentikk. Det finst òg innslag av naturtonalitet i spelet hans. Eit meir påfallande trekk var tendensen hans til å nynne medan han spela.

Opptak og utgjevingar

Han gjorde om lag 200 opptak for NRK i perioden 1953–1990. I tillegg spela han inn to soloprosjekt i form av kassettane Bjarne Herrefoss, hardingfele (1979) og Draumespel (1990). I 1998 gav han saman med Knut Hamre og Hallvard T. Bjørgum ut CD-plata Toneflaum, der han framfører sju slåttar. Det var likevel framfor eit publikum at spelet til Herrefoss gneistra som mest.

Kappleikar

Han debuterte på kappleik som 17-åring i 1948, og han kom til å bli ein uvanleg aktiv kappleikdeltakar lokalt og etter kvart nasjonalt. Han skal ha vore med på om lag 250 kappleikar, eit tal ingen andre kan visa til etter andre verdskrigen, og han vann mellom 50 og 60 gonger. Han stilte første gongen i A-klassa på landskappleik i 1956 (3. plass), vann A-klassa i alt fire gonger: I 1967 (delt med Odd Bakkerud), i 1975, i 1979 og i 1991.

Utmerkingar

Herrefoss har fått ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna Kringkastingsprisen (1970), Tokke kommunes kulturpris (1983), Fykerudprisen (1988), Sagaprisen (1996) og Spellemannprisen (2000) for Toneflaum. Han blei utnemnd til heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i 2000. Fram til då hadde han ikkje vore fast tilknytt nokon musikarorganisasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Olav Bøe: Dei fine tonane. Meisterspelemannen Bjarne Herrefoss. 50 år med folk og musikk. Skien 1996
  • Rolf Myklebust: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg