Faktaboks

Administrasjonssenter
Osøyro
Fylke
Vestland
Innbyggjartal
25 213 (2022)
Landareal
487 km²
Høgaste fjell
Tveitakvitingen (1299 moh.)
Innbyggjarnamn
fusing, osing
Målform
nynorsk
Kart: Bjørnafjorden kommune i Vestland
Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke.
Kart: Bjørnafjorden kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Osøyro
Osøyro er administrasjonssenteret og den største tettstaden i Bjørnafjorden.

Bjørnafjorden er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen blei oppretta ved samanslåinga av Os og Fusa kommunar i 2020.

Kommunen ligg på nordsida av Bjørnafjorden søraust for Bergen, og strekkjer seg frå Lysefjorden i vest til Lukksundet mellom Tysnesøya og fastlandet i sør. Frå Bjørnafjorden skjer fleire fjordar seg inn mot nord og nordaust; størst av desse er Fusafjorden med sin indre del, Samnangerfjorden. Kommunen omfattar i aust Strandvik og Hålandsdal, og i sørvest øyane utanfor sørspissen av Bergenshalvøya.

Bjørnafjorden grensar til Bergen i nordvest, Samnanger i nord, Kvam i aust, Kvinnherad i søraust og til Tysnes og Austevoll i Bjørnafjorden i høvesvis sør og sørvest.

Natur

Fusa

Fusa. Ådlandsfjorden sett frå Holmefjord. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Bjørnafjorden kommune ligg i den søraustre delen av Bergensfeltet (Bergensbuene), som utgjer ein del av den kaledonske fjellkjeda (sjå den kaledonske orogenese). Berggrunnen her består av kambrosiluriske, sedimentære bergartar, til dels sterkt omdanna. Desse vekslar med belte av svært ulike prekambriske bergartar, og topografien i området er prega av strokretninga sørvest–nordaust i den kaledonske fjellkjeda.

Berggrunnen aust for Fusafjorden/Samnangerfjorden er prega av fyllitt og glimmerskifer, lenger aust av overskyvde, harde grunnfjellsbergartar som gneis og kvartsitt. I dette området ligg det høgaste fjellet i kommunen, Tveitakvitingen (1299 meter over havet), på grensa mot Samnanger og Kvam. Aust for Gjønavatnet og Skogseidvatnet finst der grønstein. Ved Koldal innanfor Eikelandsosen finst store jettegryter. Vest for Samnangerfjorden, i grensetraktene mot Bergen og Samnanger, opptrer djupbergarten gabbro, og i dette området når Svenningen høgast (843 meter over havet).

Frå austsida av fjellet renn Oselva sørover og munnar ut i Fusafjorden ved Osøyro. Sør på halvøya mellom Lysefjorden og Fusafjorden vekslar berggrunnen mellom belte av fyllitt og glimmerskifer og vulkanske bergartar som grønstein og gabbro. Her er kysten sterkt oppskoren, og utanfor er det ein velutvikla skjergard med ei rekkje øyar, kalla Søre Øyane, fleire med brusamband og ein heil del busetjing. Størst av desse øyane er Strøno (6,6 km2).

Befolkning og busetjing

Lysekloster

Lysekloster. Ruinane av cisterciensarklosteret slik dei står i dag, etter restaurering omkring 1930. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Busetjinga er tettast i dei lågareliggjande områda ved kysten i sør, særleg rundt kommunesenteret Osøyro og langs E39 forbi Ulven og Søfteland i retning Bergen. Det er relativt tett busetjing også på dei fem øyane Lepsøya, Sunnøya, Bruarøya, Brattholmen og Røtinga, og her ligg tettstaden Søre Øyane.

I alt bur rundt 84 prosent av innbyggjarane i tidlegare Os kommune (2019). I tidlegare Fusa bur dei fleste langs austsida av Fusafjorden mellom Hjartåker i sør og Holmefjord i nord. Den delen av busetjinga som ligg i indre strok av tidlegare Fusa, ligg i Hålandsdal.

Knapt åtte prosent av innbyggjarane i Bjørnafjorden bur på øyar (2019). Forutan Søre Øyane omfattar dette også Bogøya i Samnangerfjorden, som også har brusamband.

Bjørnafjorden har i alt fire tettstader (innbyggjartal 2019): administrasjonssenteret Osøyro (13 911, inkludert Hagavik), Søfteland (1889), Søre Øyane (1053) og Eikelandsosen (539). Elles ligg tettgrenda Søvik med 1237 innbyggjarar (2019) i Bjørnafjorden kommune; denne ligg ved grensa til Bergen og høyrer til Bergen tettstad. I alt bur 76 prosent av innbyggjarane i Bjørnafjorden kommune i tettstader, mot 80 prosent i Vestland fylke (2019).

Folketalsutviklinga i Bjørnafjorden, særleg i Os, er påverka av nærleiken til Bergen. Denne delen av kommunen har i fleire tiår hatt stor vekst i folketalet, medan Fusa har hatt eit meir stabilt folketal. I tiårsperioden 2009–2019 auka folketalet i den nye kommunen med gjennomsnittleg 2,0 prosent årleg, mot 1,2 prosent i Vestland fylke.

Kart over Bjørnafjorden kommune
Kart over Bjørnafjorden kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Etter offentleg og privat tenesteyting er varehandel, hotell- og restaurantdrift den viktigaste næringa i Bjørnafjorden etter sysselsetjing, med 16 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2018). Mellom anna ligg det eit stort forretnings- og servicesenter i Osøyro og fleire hotell og andre turistverksemder både her og i kommunen elles. Særleg Fusa har aukande turisttrafikk. Fleire av dei store innsjøane her har godt fiske.

Av dei busette yrkesaktive i Bjørnafjorden har 45 prosent arbeid utanfor kommunen. 35 prosent arbeider i Bergen, og i alt tre prosent i dei fem nabokommunane Samnanger, Kvam, Kvinnherad, Tysnes og Austevoll (2018).

Primærnæringane

Samla har primærnæringane vel fire prosent av arbeidsplassane i Bjørnafjorden (2018). Jordbruket har hovudvekt på mjølkeproduksjon og hagebruk, særleg blomedyrking i veksthus. Det blir også halde noko sau, særleg i Fusa.

Fiskeflåten som høyrer heime i kommunen, førte i land fangstar til ein førstehandsverdi på 110 millionar kroner i 2018. Det meste blei ført i land utanfor kommunen. Havbruk er viktig næringsveg med ei rekkje oppdrettsanlegg både i fjorden og i ferskvatn.

Industri

Industrien sysselset tolv prosent av alle med arbeidsstad i Bjørnafjorden, 24 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Verkstadindustrien er den viktigaste industribransjen med 73 prosent av dei sysselsette i industrien (2017). Maskin- og metallvareindustrien er viktigast og har åleine om lag halvparten av dei tilsette i industrien. Elles står næringsmiddelindustrien og trelast-/trevareindustrien for høvesvis tolv og åtte prosent av dei industrisysselsette i kommunen i 2017.

Energi

Bjørnafjorden er relativt beskjeden som kraftkommune, med ein samla maskininstallasjon på 50,7 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 162 gigawattimar (GWh) per 2019 fordelt på i alt ti kraftverk. Størst gjennomsnittleg årsproduksjon har Eikelandsosen (96,4 GWh), medan Eitro har den største fallhøgda med 510 meter.

Samferdsel

E39, ytre stamveg på Vestlandet, går gjennom Bjørnafjorden, frå Osøyro nordover til Bergen og sørover til Stord (bilferjesamband HalhjemSandvikvåg). Frå Halhjem går bilferje også til Våge på Tysnesøya. Frå Osøyro går fylkesveg 552 austover til Eikelandsosen (bilferje Hatvik–Venjaneset) og fylkesveg 579 langs Samnangerfjorden (Hardangervegen) til fylkesveg 49 i Holdhus i Samnanger og vidare til Trengereid ved E16.

Fylkesveg 48 går nord–sør gjennom kommunen lenger aust, frå Gjermundshamn i Kvinnherad i sør via Eikelandsosen til Samnanger i nord. Frå Kilen på fylkesveg 48 går fylkesveg 549 sørvestover til Sævareid og vidare til Lukksundet bru, som fører over til Tysnesøya.

Osøyro har hyppig bussamband med Bergen sentrum, og er utgangspunkt for lokale samband på søre del av Bergenshalvøya. Hardangerfjordekspressen er eit snøggbåtsamband Bergen–Flesland–Rosendal som også har anløp til Osøyro. Fram til 1935 hadde Os smalspora jernbanesamband med Nesttun (750 millimeter sporvidd) i korrespondanse med ordinære lokaltog til Bergen og Voss.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Like vest for Osøyro ligg Kysthospitalet i Hagavik (ortopedisk sjukehus tilhøyrande Helse Bergen). Bjørnafjorden har tre vidaregåande skular: Os gymnas i Osøyro, Os vidaregåande skule på Ulven og Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen.

Bjørnafjorden høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er delt mellom to politistasjonsdistrikt. Det eine er Kvam og Fusa (med tenestestadene Kvam, Tysnes og Fusa), medan det andre er Bjørnafjorden og Austevoll (med tenestestadene Os og Austevoll).

Bjørnafjorden svarer til sokna Os og Fusa i Fana prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja.

Bjørnafjorden er del av Bergen næringsregion saman med Bergen, Askøy, Samnanger og Øygarden.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Os til Nordhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bjørnafjorden

For statistiske føremål er Bjørnafjorden frå 2020 delt inn i seks delområde med til saman 50 grunnkrinsar:

  • Lysekloster - Søfteland: Gåssand, Røykenes, Søfteland, Lysekloster, Søvik, Drange
  • Neset - Øyane: Strøno, Røttinga, Lepsøy, Askvik, Hovland, Skeie, Grindevold, Lunde, Haugland, Halhjem
  • Osøyro: Tøsdal, Hetleflåten, Ulven, Varåsen, Kuven, Osøyro, Moberg indre, Moberg ytre
  • Hegglandsdalen: Lønningdal, Bogstrand, Hegglandsdalen, Hjelle, Lyssand, Hatvik, Haug
  • Fusa nord: Bogøy, Holmefjord, Havsgård, Helland, Eikeland, Bergegrend, Fusa, Skjørsand, Vinnes, Strandvik, Holdhus, Øvre Hålandsdal, Skogseid
  • Fusa sør: Sævareid, Engjavik, Baldersheim, Nordtveit, Sundvord, Sundfjord

Historie og kultur

Rundt tre kilometer nord for Osøyro ligg Ulven leir, ein militær øvingsplass etablert i 1870-åra og brukt som fangeleir av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. I dag blir leiren brukt av ei rekkje militære avdelingar i Bergensområdet.

Os er kjent den tradisjonelle båttypen oselvaren. Innanfor botnen av Lysefjorden ligg ruinane av Lysekloster, Noregs første cisterciensarkloster, som blei grunnlagt i 1146. Like sør for ruinane ligg Lysekloster gard med eit lite, privat kapell, innvigd i 1663.

På Lysøya ligg Ole Bulls særmerkte, nasjonalromantiske villa, Lysøen, som no er offentleg eigedom. I Osøyro ligg Os kyrkje, ein langkyrkje i tre frå 1870. I tidlegare Fusa ligg mellom anna Holdhus gamle kyrkje, som er ein langkyrkje i tre, opphavleg stavkyrkje frå først på 1300-talet, ombygd i 1725 og 1836. Som einaste kyrkje i landet har ho ein måla madonnastatue i kalkstein frå 1400-talet, altertavle frå 1590 og preikestol i tre frå 1570. Kyrkjeskipet er i romansk stil med rosemåla søyler og rundbogar. Ved kyrkja er det skulemuseum.

I Eide ved sørenden av Gjønavatnet er det bevart eit typisk vestlandsk klyngjetun. Det er elles helleristningar på Bogøya. Ved Holmefjord innanfor Bogøya ligg Tønnegarden, som er eit formidlingssenter for bøkkarhandverket. I Osøyro kjem avisa Os og Fusaposten ut.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet har ein gul oselvar, ein tradisjonell bruksbåt i området, på gule bølgjer på blå botn. Bølgjene symboliserer rosemåling frå Os og dei kjende jettegrytene i Koldal i Fusa.

Namnet Bjørnafjorden er etter fjorden sør for begge dei tidlegare kommunane Os og Fusa.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Tveit, Marta, red.: Litt av gards- og ættesoga for Os frå nyare tid, – med noko attåt, 1993, isbn 82-7128-192-5
  • Tveit, Nils: Os : eit utsyn over Osbygdi frå gamall tid til no, 1932–1941, tre bind. (Kulturhistorisk band, av Nils Georg Brekke med fleire, 1980)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg