Bjørn Stallare

Faktaboks

Bjørn Stallare
Død
29. juli 1030, Stiklestad, Trøndelag

Illustrasjon til «Olav den heilages saga» i Snorre Sturlasons Heimskringla, gitt ut i 1899. Motivet viser Knuts sendemann hos Bjørn Stallare.

Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

Artikkelstart

Bjørn Stallare var hirdstyrar for Olav Haraldsson. Han førte den seinare helgenkongen si sak på tinget under innføringa av kristendomen. Bjørn døydde saman med Olav i slaget på Stiklestad.

Bakgrunn

Vi kjenner ikkje opphavet til Bjørn Stallare, som òg vert kalla Bjørn Digre av Snorre Sturlason. Han fekk tilnamnet stallare fordi han var leiar av hirda, ein mann som opphaveleg hadde ansvar for hestane og stallen. Stallaren vart talsmann for hirdmennene overfor kongen, men førte òg ordet for kongen utetter. Han var livvakt og den nærmaste rådgivaren til kongen, i fred som i krig. Stillinga som stallare er kjend under Olav Tryggvason, på slutten av 900-talet. Nemninga finst ikkje etter 1299, då kanslaren hadde teke over som kongen sin leiande mann.

Innføring av kristendomen

Bjørn Stallare fekk ein avgjerande innverknad på norsk historie, sidan han drøfta innføringa av kristendomen med bøndene på tinga. Olav Haraldsson forhandla delvis med bøndene, men sette òg beisk makt bak krava. Bjørn fekk ansvar for begge delar. Han var kjend som ein ordhag mann, som talte godt både for kongen og mennene hans. Sigvat, skalden til Olav Haraldsson, kvad om Bjørn Stallare:

«Bjørn, dine godord ofte

gagna meg mykje hjå fyrsten.

Krigar, med kloke råder

kan du alt godt få fremja.»

Mekling med svenskekongen

Olav Haraldsson sende Bjørn til Svitjod, for der å slutte fred med sveakongen, Olof Skötkonung. Tinginga enda med forlik og semje om grensa mellom dei to rika, mot at Olav Haraldsson gifta seg med dottera til svenskekongen. Ifølgje Snorre takka Olav Haraldsson Bjørn hjarteleg for å ha fått i stand fred mellom rika. Om Bjørn faktisk var med på reisa, eller om han spela noka stor rolle, er likevel usikkert, då påstanden berre finst hos Snorre.

Truskap og brot med danskekongen

Då den danske kongen Knut den mektige jaga Olav Haraldsson frå landet i 1028, vart Bjørn Stallare att. Håkon Eiriksson jarl sine menn oppsøkte då Bjørn. Dei både smurde og truga han til å følgje Knut i staden, ifølgje Snorre, medan eldre soger seier at Bjørn stod imot presset. Då Håkon jarl så døydde, skal Bjørn ha angra truskapsskiftet og meint seg fri frå eiden. Bjørn fór så til kong Olav, som opphaldt seg i Gardarike, og la ut om hendingane i Noreg. Då Olav Haraldsson drog på hærferd mot Noreg i 1030, følgde Bjørn med. I slaget på Stiklestad prøvde Bjørn å drepe Tore Hund, men fall sjølv for spydet til Tore, som ifølgje sogene sa: «Såleis stikk vi bjørnane». Då kvad Sigvat skald:

«Bjørn, kan for visst eg seie,

har synt alle stallarar fullgodt

korleis det høver å halde

hugen tru mot sin herre.»

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hødnebø, Finn og Magerøy, Hallvard, red. (1993): Snorres kongesoger, omsett av Steinar Schjøtt og Hallvard Magerøy. Oslo: Det Norske Samlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg