Bjørn Aksdal

Faktaboks

Bjørn Aksdal
Født
24. oktober 1953, Trondheim, Trøndelag

Artikkelstart

Bjørn Aksdal er førsteamanuensis og ein av dei fremste folkemusikk-kjennarane i Noreg.

Bakgrunn

Bjørn Aksdal er fødd i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Han er cand.philol., med hovudfag i musikkvitskap, frå Universitetet i Trondheim (no NTNU).

Folkemusikken

Som forskar og skribent har Aksdal gjort seg gjeldande i inn- og utland og har publisert ei rad med artiklar og bøker. Han har vore musikkmeldar i ulike tidsskrift og aviser og har formidla folkemusikk som programskapar for NRK Radio. Aksdal har interessert seg spesielt for dei eldre instrumenta, både som utøvar, samlar, forfattar og plateprodusent. Interessa for eldre instrument førte mellom anna til boka Med Piber og Basuner, Skalmeye og Fiol (1982). Pedagogiske artiklar relatert til folkemusikk har òg vore eit varemerke. Aksdal var medredaktør og medforfattar i bøkene Fanitullen. Innføring i norsk og samisk folkemusikk (1993) og Trollstilt. Lærebok i tradisjonsmusikk (1998).

Aksdal har sidan 1986 vore knytt til Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff). I 1990-åra var Aksdal leiar for «Hardingfeleprosjektet», eit omfattande forskingsprosjekt om dei eldste hardingfelene. Dette prosjektet starta i 1995 og hadde to hovuddelar: dokumentasjon og datering av hardingfeler som var bygde før ca. 1870. Føremålet var å etablere ei framstilling av den eldste historia til hardingfela og dessutan den kronologiske og regionale utviklinga. Det omfattande materialet er formidla i boka Hardingfela (2009) og har fått fram mykje ny kunnskap om dette instrumentet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Forfattaromtale i Norsk folkemusikklag si årbok 2008
  • Forfattaromtale i Årbok for folkemusikk 2000

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg