Björn Borg er ein svensk tidlegare tennisspelar, av mange rekna som ein av dei beste tennisspelarane i verda gjennom tidene. I løpet av karrièren vann Borg 97 single-titlar, derav 11 Grand Slam-turneringar, og blei i 2000 kåra til hundreårets beste svenske idrettsutøvar.
Borg vaks opp i Södertälje. Allereie som 15-åring representerte han Sverige under Davis Cup i 1972. Han blei profesjonell i 1973, og året etter tok Borg sin første Grand Slam-tittel, då han som 18-åring vann French Open, den gong som tidenes yngste i turneringas historie.
I løpet av karrieren vann Borg 11 Grand Slam-turneringar: French Open (1974, 1975, 1978, 1979, 1980, 1981), han vann Wimbledon fem gonger på rad (1976, 1977, 1978, 1979, 1980) og Grand Prix Masters i 1979 og 1980.
Borg var rangert som den beste spelaren i verda i 109 veker i perioden 1977–1981, men vann aldri den amerikanske meisterskapen (US Open), sjølv om han nådde finalen fire gonger. Han var ankermann på det svenske landslaget som vann Davis Cup i 1975, og han vann heile 37 av dei 40 singlekampane han spelte i denne konkurransen.
Han blir rekna som ein av fremste svenske idrettsutøvarane gjennom tidene og har fått ei rekkje prisar for prestasjonane sine på tennisbanen. Han blei tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1974 og 1978, og i 2000 blei Borg kåra til hundreårets beste svenske idrettsutøvar. Han gav ut sjølvbiografien Mitt liv som tennisspelar (norsk utgåve i 1981).
Borg trekte seg tilbake som heiltidsspelar etter 1981-sesongen. Han prøvde seg på fleire comeback, seinast i 1991, men utan suksess. Ved sida av tennisskarrieren starta Björn Borg klesmerket med sitt eige namn, som produserer mellom anna moteklede, parfyme, briller og sko.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.