Faktaboks

Bitihorn
Uttale

b'itihødn

Etymologi
‘bite’
Region
Innlandet
Høgd
1607
Bitihorn
Bitihorn. Vegen over Valdresflye går like innmed fjellet.

Bitihorn er eit fjell på grensa mellom Øystre Slidre og Vang kommunar, i Sør-Jotunheimen søraust for Bygdin; 1607 meter over havet.

Bitihorn er bratt mot sør og aust. Det er lett oppstigning på varda stig frå fylkesveg 51 (Valdresflye) like sør for Bygdin høgfjellshotell, to-tre timar. Frå toppen er det prektig utsikt mot delar av Jotunheimen, og mot Suletind på Filefjell, Gausta i Telemark med fleire.

Namnet Bitihorn kjem av verbet bite, og siktar til forma på toppen som minner om ei hjørnetann.

Kart

Bitihorn
Bitihorn
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg