Artikkelstart
Birgit Gjernes var ein norsk radio- og TV-journalist. Ho var den første hallodama som nytta nynorsk i NRK, arbeidde nesten 40 år i kringkastinga og laga kulturprogram som nådde langt ut.
Birgit Gjernes var ein norsk radio- og TV-journalist. Ho var den første hallodama som nytta nynorsk i NRK, arbeidde nesten 40 år i kringkastinga og laga kulturprogram som nådde langt ut.
Birgit Gjernes var fødd i Nesherad (no Midt-Telemark) i Telemark (no Vestfold og Telemark) og døydde i Asker i Akershus (no Viken). Ho tok examen artium som privatist på engelsklinja ved Grimeland skole i Oslo, studerte deretter song og stemmebruk ved Musikkonservatoriet i Oslo i fire semester før ho byrja på filologi ved Universitetet i Oslo. Ho vart cand.philol. i 1950 med tysk hovudfag og engelsk og norsk sidefag.
I 1951 vart ho tilsett i NRK som programsekretær og arbeidde først i kortbølgjesendingane i Utanlandssendinga, deretter eitt år som hallodame (programvert) før ho gjekk tilbake til Utanlandssendinga. Ho var den første hallodama som nytta nynorsk og fekk mykje kritikk for valet av målform.
I 1959 byrja ho i opplysningavdelinga i radioen og arbeidde seinare med kulturstoff, særleg litteratur og teater. Ho hadde også ansvaret for ei rad TV-program. Frå 1978 til 1990 var ho redaksjonssjef i kulturavdelinga i P1. I NRK nytta ho både nynorsk og bokmål.
Den første større radioproduksjonen hennar var Knut Hamsuns «Sult» (saman med Olafr Havrevold). Seinare laga ho program med Marie Hamsun, som ho òg skreiv ei bok om, og om Sigrid Undset. Særleg merksemd fekk intervju med Hitlers rustingsminister Albert Speer, som ho laga saman med pater Hallvard Rieber-Mohn hausten 1970.
Ho var knytt til mange programseriar i NRK, mellom anna Ønskediktet, Ord i dag, Møte med menneske, Bokkvelden, Teatermagasinet, I rampelyset og Ekko.
Birgit Gjernes gav ut Marie Hamsun – et tidsbilde (1994) og redigerte Svara meg mi harpe – Aslaug Vaa (1977), Torolf Elster – portrett av et mangesidig menneske (1981, saman med Reidar Hirsti og Jahn Otto Johansen), Norsk lyrikk fra 70-åra (1982) og Ord om forelskelse (1994, saman med Nils Heyerdahl). Ho omsette òg ei rad bøker og teaterstykke frå tysk, engelsk og svensk. Som pensjonist heldt ho mange foredrag i ulike forum.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.