Besshøe

Artikkelstart

Besshøe er ein fjelltopp i Jotunheimen, i Vågå kommune, nord for Gjende, 2258 meter over havet.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt ‘bjørn’
Også kjent som

tidligere stavet Besshø

Mot nordvest fell Besshøe i stupbratte veggar ned mot Russvatnet (1175 meter). Mot sør og aust skrånar fjellet jamnare ned mot Besseggen og Bessvatnet (1373 meter). Frå toppen er det vid utsikt over den søraustlege delen av Jotunheimen. Ei varderute fører frå Bessas utløp av Bessvatnet på austsida av vatnet opp til toppen av fjellet. Denne tek 7–8 timar opp og ned med Gjendesheim som utgangspunkt.

Les meir i Store norske leksikon

Kart

Besshøe
Av /Statens kartverk.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg