Bertram er eit toledda tysk mannsnamn: Bert-ram. Forleddet tyder ‘lysande’ og etterleddet ‘ramn’.

Bert- svarer til ordet bjart.

Kjende personar med namnet Bertram

Eit utval personar med namnet Bertram, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 menn (fødde i Noreg) som hadde Bertram som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Bertram i perioden 1900–2017, var det 72 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Bertram. Dette inneber at 28 prosent hadde Bertram som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bertram på 1800-talet.

Bertram var klart mest brukt i Sør-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bertram på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bertram var klart mest brukt i Sør-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Berthram.)

Historisk bruk av namnet Bertram
Historisk bruk av namnet Bertram
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg