Bernt Tunold

Faktaboks

Bernt Tunold

Bernt Wilhelm Tunold

Født
25. februar 1877, Selje, Vestland
Død
23. januar 1946, Bergen, Vestland
Bernt Tunold

Sjølvportrett. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Bernt Tunold
Av /※.
Oljemåleriet «Frå Selje» (ukjent år)
Av /Nasjonalmuseet.
Lisens: CC BY 4.0

Artikkelstart

Bernt Tunold var biletkunstnar. Han hadde ei levande interesse for gamle gardstun og handverksprodukt, og var ein av dei største skildrarane av Vestlandet. Med bileta sine har han som ingen andre «kartlagt» landsdelen frå Sunnmøre til Indre Ryfylke, og helst i gråvêr.

Bernt Tunold var fødd på Selja i Selje. Han registrerte seg som innflytta i Bergen i 1900 og hadde byen som adresse resten av livet – med unntak av eit år i Sigerfjord i Nordland (1912–1913) og fire år i Ommedalen i Hyen (1916–1920). Begge stader laga han noko av det beste i kunstnarskapen sin.

I 1895 byrja han på den treårige underoffisersskulen i Bergen, men vart dimittert etter to år med attesten «Uskikket til videre Uddannelse». Det er uklart kvifor han ikkje fekk fullføre, men det kan ha å gjere med ein viss aversjon mot militær disiplin.

Tunold omtalte seg gjerne som autodidakt, men det er ikkje heilt rett. To vintrar, i 1901–1902, gjekk han på Asor Hansens målarskule i Bergen. Der har han nok lært det grunnleggjande, sjølv om han tidleg rauk uklar med læraren. På eitt punkt følgde han likevel læraren: I landskapsbileta skulle menneske berre tene som staffasje. I den grad dei finst der, viser Tunold oss dei anten bakfrå eller frå sida.

Heimstadkunstnar

Mellom realisme og naturalisme

Til liks med mange kunstnarar ønskte Tunold eit studieopphald i Paris, helst under kubisten André Lhote. Men han kom seg aldri til Paris, han kom seg aldri ut av landet i det heile og vart av mange avskriven som heimføding. Upåverka dreiv han med sitt, tok tilsynelatande ikkje inntrykk av det som skjedde i kunstfeltet, og arbeidde snarare med å foredle uttrykket sitt enn å skape radikal fornying. Stilhistorisk kan han plasserast i skjeringspunktet mellom realisme og naturalisme.

Samanlikna med Nikolai Astrup

Bernt Tunold kom, noko urettvist, til å leve i skuggen av den tre år yngre Nikolai Astrup. Kunstnaren frå Jølster debuterte før Tunold, og for hovudstadskritikarane vart Astrup målestokken på kunst frå Vestlandet. Dei to møttest første gong då Astrup stilte ut i Bergens Kunstforening i 1908. Bileta hans såg Tunold som «en aapenbarelse», dei må truleg ha gitt han ei stadfesting av at det han sjølv stelte med, hadde verdi.

Det var aldri noko lærar/elev-forhold mellom dei, men det kan sporast ein påverknad i tida etter utstillinga i 1908. Alt etter eit par år ser vi likevel ei frigjering frå Astrup. Vaar i Selje (1908) har Astrup-effektar, men Djupdalen i Selje frå same året, har det ikkje.

Motivkrins

Tidleg farta Tunold ikring på leiting etter «sin» motivkrins. Først henta han motiva heime på Selja, som han har måla fleire titals gonger, men motiva er aldri identiske, og vi ser korleis han eksperimenterer med lyset. Etter kvart fann han fram til gardstunet, bygningane og korleis dei kvilte i det vestlandske landskapet. Kulturkonservativ og arkitekturinteressert som han var, skreiv han fleire kritiske avisartiklar om korleis bøndene gjekk bort frå tradisjonell byggjeskikk, og at dei ikkje tok omsyn til topografien når dei bygde nytt.

Altartavler

Ved to høve vart Tunold beden om å måle altartavler, i 1910 til nye Gimmestad kyrkje i Gloppen kommune, eit arbeid han fekk i retur etter to år, og i 1931, då han måla tavla til kyrkja i Fjærland.

Utstillingar

Interiørmåleri av Bernt Tunold

Interiørmåleri med blomar (udatert) av Bernt Tunold. Olje på lerret. H. 95. B. 67.

Interiørmåleri av Bernt Tunold
Av /Blomqvist Nettauksjon.

Etter å ha vore med på nokre mindre utstillingar i Bergen, fekk Tunold hovudstadsdebuten sin i Kunstnerforbundet våren 1911. Kritikken var positiv, men han vart heile tida samanlikna med Astrup. Tre år seinare, etter opphaldet i Sigerfjord, stilte han ut same staden, nok ein gong til positive kritikkar. Seinare vart det svært liten utstillingsaktivitet på Tunold, om vi ser bort frå den store, retrospektive utstillinga i Bergens Kunstforening i 1934. Denne utstillinga fekk fram breidda i kunstnarskapen, alt frå landskap og interiør til stilleben og portrett.

«Tunold-grønt»

Der andre eksperimenterte med teknikkar, eksperimenterte Tunold med fargar og lys. Omgrepet «Tunold-grønt» er knytt til at han dyrka alle variantar av grønt, frå det lysaste til det mørkaste. Helst låg han i den mørke delen av fargeskalaen. Lys og komposisjon eksperimenterte han særleg med i interiør og stilleben. Dårleg helse på grunn av kronisk alkoholisme gjorde at han med åra måtte arbeide meir innandørs. Han laga fleire fine kyrkjeinteriør, med vekt på kyrkja sin kunst – ikkje kyrkja si ånd, og dei utsøkte Kontorinteriør, Raftevold (1939) og Røykstove, Hornindal (1937). I dei over hundre stilleben han måla, kjem konservatoren til uttrykk. Hans måte å «bevare» gamle gjenstandar på var å inkludere dei i måleria sine.

Trass i aukande helseproblem reiste han kring i landsdelen like til det siste. Då måla han mellom anna det monumentale Fra Esefjord, Sogn (1938) og dei to arbeida som heng på Slottet, Våraften efter regn og Fra Nordfjord, begge frå 1939.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Landro, Jan H. (2017): Bernt Tunold. Vestlandsmålar i grønt og grått. Førde: Selja Forlag
  • Stabell, Waldemar (1977): «Bernt Tunold 1877–1977», Kunst og kultur nr. 4/1977, s. 197–260
  • Wiig, Einar (1991): Bernt Tunold. Bergen: Nord 4

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg