Bernhof er eit mannsnamn som både er eit førenamn og slektsnamn. Bernhof går kanskje tilbake til eit tysk stadnamn Brenn-hof som tyder ‘gard der ein har brent skog’ (ved nyrydding). Ei slik lydutvikling er det til dømes i Bernstein med tydinga ‘rav’, eigentleg ‘brent stein’. Bernhof kan også ha tydd ‘bjørnegard’.

Namnet har fleire variantar: Bernhof, Bernhoff.

Kjende personar med namnet Bernhof

Eksempel på ein person med namnet Bernhof som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Bernhof som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Bernhof i perioden 1900–2017, var det 75 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Bernhof. Dette inneber at 25 prosent hadde Bernhof som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bernhof på 1800-talet.

Bernhof var klart mest brukt i Nord-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bernhof på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bernhof var klart mest brukt i Nord-Trøndelag.

Historisk bruk av namnet Bernhof
Historisk bruk av namnet Bernhof
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg