Bernd Lucke, tysk økonom og politikar.

Bernd Lucke er professor i makroøkonomi ved Universitetet i Hamburg og medlem av Europaparlamentet. Som 14-åring melde han seg inn i det kristenkonservative partiet CDU.  Lucke er kritisk til euroen som felles europeisk valuta og til eurosonens finansielle hjelp til det kriseramma Hellas. Saman med skribenten Konrad Adam grunnla han i 2013 det euroskeptiske partiet Alternative für Deutschland (AfD). Lucke vart vald til partiets formann og til toppkandidat ved EU-parlamentvalet i 2014. Dette valet vart AfD sitt store polititiske gjennombrott, og dei fekk inn sju mandatar. Lucke var ein av dei. På landsmøtet i 2015 overtok  AfD sin nasjonalkonservative fløy partileiinga. Lucke har sidan distansert seg frå AfL sin innvandringskritiske politikk og stifta partiet Allianz für Fortschritt und Aufbruch som arbeider for AfD sine opphavlege EU-kritiske mål. 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.