Artikkelstart
Berit Vatne Vik er ein norsk forfattar. Ho debuterte skjønnlitterært 66 år gamal med første bandet i ein serie historiske romanar med handlinga lagd til 900-talet.
Berit Vatne Vik er ein norsk forfattar. Ho debuterte skjønnlitterært 66 år gamal med første bandet i ein serie historiske romanar med handlinga lagd til 900-talet.
Med røter på Fitjar er ho vel kjend med det landskapet ho skildrar i bøkene om Gudrød-sønene. Den oppdikta sonesonen til Eirik Blodøks, Gudrød, er hovudperson i dei to første bøkene i serien, Leirfuglen (1999) og Reise med vinden (2000). I dei to neste, Rop over havet (2007) og Draumen om Hallgjerd (2009), er det Torarin, son til Gudrød, handlinga dreiar seg om. Romanane er baserte på historiske hendingar, til dømes slaget på Fitjar i 960, og handlinga er elles lagt til dei norrøne områda i vesterveg – Shetland og Orknøyane.
I tillegg til desse bøkene har Berit Vatne Vik gitt ut Dagen om natta (2003), som handlar om ei ung kvinne som vert spedalsk, for om lag 150 år sidan. Elisa (2005) er lagt til vår eiga samtid og inneheld element av fantastisk litteratur. Vatne Vik har fått gode kritikkar for ungdomsromanane sine. Ho har tidlegare hatt dikt og forteljingar på trykk i Dag og Tid, Tun, Norsk Barneblad og Magne.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.